Sjå reaksjonane heime hos Solveig
Det var spenning til siste stund då Solveig Gangstø i går kveld såg nest siste episode av kakekrigen, saman med "fanklubb-leiar" Morten Holmefjord og ikkje minst, Silje (9), Maren (9) og Eilen (12). Sjå reaksjonane i videoen vår.
Onsdag kveld fekk Os og Fusaposten fekk vera floge på veggen heime hos Solveig Gangstø.
Ho og jentene hadde invitert "fanklubb-leiar" Morten Holmefjord, og diska opp med nydeleg Pavolva-kake, laga av mamma og pynta av Eilen (12).
Artikkelen held fram under annonsen.
Jentene til Solveig er årsaka ti lat ho i det heile byrja å bake.
- Det starta med at eg skulle bake bursdagskakar til dei. Sidan utvikla det seg og no har eg halde på i tre år fortel ho.
Det var også jentene som oppfordra henne til å melda seg på programmet.
- Vi dikterte kva du skulle skrive, seier dei og fniser godt saman med mamma.
Dei tre er kjempestolte av mamma som kom heilt til finaleveka og fekk tredjeplassen.
Når Solveig gøymer seg litt bak hendene etter avsløringa, og er tydeleg skuffa over at ho rauk ut - til tross for at ho er den einaste som heile tida har visst utfallet - då trøyster Eilen på tolv og seier:
- Men mamma då, du fekk jo tredjeplassen! Det er kjempebra!
Litt skuffa var dei gjerne over at ho ikkje vann og fekk tur til New York, men deitar ikje det heller så tung.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, ja, New York rauk, men kva betyr vel det. For det var jo eigentleg Paris vi ville til, det var premien sist, det var derfor eg meldte meg på, avslører Solveig.
Morten Holmefjord har følgt programmet tett saman med mannen Rogen Ureta Taran og kompisen Fredrik ALden Thorsen, og blitt overraskande oppteken av kakebaking i følgje seg sjølv. Særleg av curden.
- Kva er eigentleg den curden, spør han.
- Vi må gjerne ta eit kurs snart, seier Solveig og ler.
Ho seier ho er utruleg glad for opplevinga med å delta, og særleg set ho pris å alle dei hyggelege reaksjonane ho har fått. Deriblant morosame stunt og reaksjonar frå den vesle fanklubben heime i stova hos Morten Og Rogen i Eikelandsosen.