Sat langt inne å betala for vaskehjelp
"Aldri i livet", tenkte Åse Vaksinen Sælensminde (63). Men det var før ho fekk vaskehjelp.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Som tilsett i Norsk Folkehjelp har Åse Vaksinen Sælensminde ofte lange dagar på arbeid og mange reisedøger.
- Så når eg fyrst er heime, vil eg gjerne slappa av og setja meg ned med ei god bok. I staden for fekk eg dårleg samvit for at eg ikkje hadde vaska huset, sukkar Åse Vaksinen Sælensminde og ler.
Tanken om å leiga vaskehjelp var likevel heilt absurd for den gamle Ap-politikaren.
- Då borna var små, vaska vi huset kvar fredag. Det har aldri vore snakka om noko anna enn at slike ting greier vi sjølve, ler ho.
- Kunne ikkje mannen din vaska huset når du var så mykje på farten?
- Vi har alltid delt på husarbeidet. Men han har det også travelt med eige rekneskapsfirma. Husvask vart rett og slett eit skikkeleg ork for oss, seier ho.
I oktober gav ho gamle prinsipp på båten og inngjekk avtale med Os vaskehjelp.
- Når eg fyrst leigde vaskehjelp, var det eit ufråvikeleg krav at det ikkje skulle vera svart. Eg betaler moms med glede så lenge eg veit at arbeidarane har ordna forhold, seier 63-åringen bestemt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Annankvar torsdag kjem Zeynep Alieva og Seydin Krasimirov på døra for å vaska huset til Åse. Stove, kjøken, to bad, vaskerom og trapp blir shina og skura. Soveromma tek ho sjølv.
- No kan eg koma heim frå jobb og leggja meg på sofaen heller enn å ha dårleg samvit. Eg har rett og slett fått meir fritid, seier ei nøgd Åse.
Miljøvenleg
Forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp ved SIFO (Statens Institutt for Forbruksforskning) er ikkje overraska over den auka bruken av vaskehjelp, men heller over at marknaden ikkje er større og at trenden ikkje har kome før.
For når vi fyrst har blitt så rike her på berget, så er det i fylgje henne smartare og meir miljøvenleg å bruka pengane på tenester enn ting.
- Vi tenkjer nok ikkje over det, men nordmenn har i mange år hatt tenarar som bur i andre land. Dei lagar varer vi har bruk for, medan vi betaler latterleg lite for tenestene deira, seier Klepp.
Forbruksforskaren applauderer nordmenns bruk av tenester, utan å dermed meina at folk har vondt av å vaska huset sjølv.
- Men når det er sagt, så er det merkeleg at nettopp bruken av vaskehjelp fører til moralske diskusjonar og kvaler. For det er i prinsippet ingen skilnad på å betala for vasking av hus og å betala for dekkskift. Likevel blir sistmnemnde aldri problematisert, meiner ho.
Gratis kvinnearbeid
- Åse Vaksinen Sælensminde fortel at det sat langt inne å leiga seg vaskehjelp. Kvifor er dette så vanskeleg for oss?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er interessant at ho har overkome motviljen sin. Den har truleg vore der fordi dei fleste av oss meiner at kvinnearbeid skal vera gratis. Omsorg og stell i heimen skal gjerast av kjærleik og ikkje betalast for. Det er eit synspunkt som er djupt problematisk.
Klepp påpeikar at det er typisk at spørsmålet om moral kjem opp når kvinnearbeid går frå å vera ubetalt til å bli betalt.
- Kvinner har lett for å få dårleg samvit og for å bli påklistra dårleg samvit, men det er ingen grunn til å ha dårleg samvit for å bruka vaskehjelp, seier ho.