Dei vel 150 elevane ved mellomtrinnet på Nore Neset skule slo seg verkeleg laus både i utkledningsvegen og på dansegolvet i Symrasalen.
Dei vel 150 elevane ved mellomtrinnet på Nore Neset skule slo seg verkeleg laus både i utkledningsvegen og på dansegolvet i Symrasalen.

Rio-stemning i Symrasalen

Det var nærast hysteriske tilstandar då mellomtrinnet på Nore Neset skule feira karneval fredag.

- Dette er ein gjeng som ikkje går av vegen for å festa, feira og å by på seg sjølv - og me i lærar-staben seier ikkje nei takk til å vera med på moroa, roper rektor Børge Lunde mellom hurra-ropa og sambamusikken som gjekk non-stop i Symrasalen fredag ettermiddag.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Bydde på seg sjølve

Om lag 350 deltok i karnevalet i festlokalet til Nore Neset Aktivitetshus. Dei yngste gjorde seg ferdig tidleg på dagen. Den eldre garde sparte seg til dei siste timane før påske- og vinterferie.

- Det er ein herleg måte å avslutta på. Berre godstemning dagen ut, roper lærar Pieter A. Derksen i front av toget for sitt klassetrinn.

Lærar Øyvind Solheim hadde teke på seg Datarock-treningsdrakta si og spelte ustanseleg under innmarsjen frå skulen til Symraslalen.

- Åhh Karneval, Åhhh Karneval.

Bakerst kom ein annan musikalsk kar frå administrasjonen. Rektor Børge Lunde såg noko eldre ut enn vanleg, men sprudla som ein ungfole og spelte og song - nær sagt også det - som vanleg.

Tøffe tak

Vel inne i salen vart det harde tak i stolleiken. Først for den yngre garde. Deretter når lærarane skulle gjera opp seg i mellom.

Kristin Davanger gav rektor Lunde ein herleg hoftesving i første omgang og surfa deretter galant gjennom konkurransen, før ho også banka 7.-klasingane sin heimefavoritt Pieter i finalen.