Ringside på wrestlingas svar på superbowl
Det var gutedraumen som gjekk i oppfylling då Alexander Dymbe og kompisen Tarjei Strøm fekk med seg Wrestlemania 32 i Dallas på laurdag.
Tysdag ettermiddag sette ein lukkeleg søftelending seg på flyet i Dallas. Etter ei veke med tettpå-oppleving av den amerikanske wrestlinga, møte med gamle heltar og ringside-oppleving av den 32. utgåva av Wrestlemania, var Dymbe berre eit stort smil.
- Tarjei Strøm og eg har realisert vår store gutedraum. Me tek med oss ein haug med gode minne og suvenirar heim til Noreg, seier Alexander medan han tysdag ettermiddag venta på flyet heim på flyplassen i Dallas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kanal-jakt
Han var ikkje gamle karen då han byrja å følgja med på wrestling på fjernsynsskjermen mot slutten av 1980-talet. Umiddelbart var det noko som fengja Alexander umåteleg.
- Det var noko med stemninga, levenet og showinga omkring kampane. Dessutan fekk eg jo mange favoritt-utøvarar som eg følgde med og heia på, fortel han.
Då dei vanlege kanalane slutta å senda wrestlingkampar, var det tøffe tider for fansen her til lands.
- På 1990-talet hugsar eg far min og eg pløya gjennom alle slags tyske kanalar for å finna noko. Sidan byrja TV2 ein kort periode å senda, men dei låg jo to veker bak, så det funka ikkje. "Såpeopera" må ein ha når det skjer. Ikkje to veker etter, humrar Dymbe.
Dei siste åra har han sett wrestling stort sett åleina.
- Eg har prøvd å få kjærasten min interessert, men eg ser på ho at ho berre synest det er teit. Det er det jo også... på ein måte. Men eg elskar det teite med dette her. Det er jo det som er greia, ler Alexander.
Rock og wrestling
Det er ikkje kvar dag ein finn likesinna wrestling-elskarar her til lands. Det gjorde Alexander backstage i Bergen for nokre år sidan.
- Eg hadde spelt med Pybanen og Tarjei hadde spelt med Datarock. Etter konserten vart me ståande å prata om alt mogleg. Plutseleg kom me inn på amerikansk wrestling, og alt då vart draumen om å få med seg ein Wrestlemania live sådd, fortel Dymbe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bergensartisten Strøm er trommis for fleire band, og er elles aktuell som programleiar i TV2-programmet «The Stream».
- Me har rock og wrestling som felles interesser, men no er det berre Tarjei som er aktiv. Eg har lege bassgitaren på hylla og er om dagen aller mest oppteken av å vera ein god førskulelærar i Steinsviken barnehage i Bergen, seier Dymbe.
Møtte gamle heltar
Før Wm32-opplevinga laurdag fekk Alexander og Tarjei ein herleg oppleving då dei tok turen til wrestlecon, der mange av dei gamle stjernene har sine stand og sel bilete og autografar. Tettpå-stjernene-opplevinga kosta også nokre kroner då både Dymbe og Strøm drog derifrå med bereposar fulle av bilete og effektar.
- Det var dritkult. Me fekk helsa på gamle heltar som Jake The Snake, Million Dollar Man, Jimm Ross, The Nasty Boys, Xpac Aka 123 kid, Jim Duggan og Mean Jean. Det var veldig stort, men også litt rart då mange av dei var tydeleg prega av hard livsstil over mange år.
Festa med 100.000
Dei måtte grava djupt i lommeboka for å finnansiera gutedraumen. Berre hotellopphaldet og billetten til Wm32 pluss fire andre wrestling-show kosta dei 12.000 kroner kvar. Men for Alexander og Tarjei var det verdt kvar krone.
- Dette var tidenes tur, og Wrestlemania-kvelden var heilt sjuk. Sju timar med wrestling, buing, hojing og heiing i lag med 100.000 andre frammøtte - det var berre ekstatisk, fortel Dymbe.
Faktisk var det ny rekord frammøtte på eit wrestlemania-arrangement.
- 101.763 personar var innandørs i den gedigne arenaen. Me lo og grein og ropte og skreik til me var heilt køyrd. Det var ein utruleg oppleving, seier 34-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner høgdepunktet var då Stone Cold Steve Austin kom, og at Undertaker sjølvsagt var på plass.
TV-innspeling
Resten av opphaldet handla sjølvsagt også elles om å sjå og helsa på stjerner innan wrestlings-sirkuset.
- På måndag var me på TV-innspelinga av «Monday Nigth Raw». Der var me i lag med 18.000 andre hardcore wrestlingfans. Tippar vel 10.000 av dei frammøtte var engelske, så det var kring tre timar med fotballstemning - også ein stor oppleving for oss.
- Korleis vert det å reisa heim att no?
- Det blir heilt ok. No skal me setja oss på flyet med eit stort smil, mimra og kosa oss minna oss på at me har vore på tidenes tur, avsluttar Dymbe.