Real treffsikker rekrutt-trio
Rekruttane til Os Skyttarlag er i storform for tida. Blant dei beste er trioen Markus Johannesen, Kyrre Haugland og Loke Eide.
Førre helg var 13 rekruttar i aksjon på miniatyrskytebanen på Stend. Denne helga var dei ni som skaut på Bergen skyttarklubbb sin miniatyrbane på Melkeplassen. Begge gongane gjekk ein osing til topps.
- Me har ein veldig god generasjon med rekrutt-skyttarar for tida. Loke Eide, Markus Johannesen og Kyrre Haugland er blant dei mest treffsikre i desse dagar, fortel leiar for rekrutt-avdelinga til Os Skyttarlag, Anstein Eidsvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dobbeltsiger til Os
På Stend var det Markus Johannesen som var best. Ungguten klinte til med 246 poeng på 25-skot-serien. Med det tok han sigeren i rekrutt-klassen.
- Det er ein rimeleg bra serie. Det er faktisk vanskelegare å treffa blink inne enn ute, så 246 er ein poengsum det står respekt av, seier Eidsvik.
I runden på Melkeplassen var det Kyrre Haugland som var best. I 35-skot-serein noterte han seg for 341 poeng. Loke Eide sikra seg andreplass og dobbelt-siger til Os med sine 340 poeng.
Med Kyrres siger på Melkeplassen har rekruttane til Os stått øvst på resultatlista 15 gongar så langt denne sesongen. I tillegg vart som kjent Sofie Evensen noregsmeister i rekruttklassen under landsskyttarstemnet på Lesja i sommar.
Bussar til Åsane
Alt i morgon (tysdag) er det ny konkurranse for ein del av skyttarane frå Os. Då startar andre runde av Os Karusellen. Utover veka skal kring 300 skyttarar i aksjon på miniatyrskytingsanlegget i Skyttarhuset på Ulven.
Seinare i veka har Åsane og Hordevik stemne i Jonahålo.
- Der har me planar om å stilla med mange rekruttar. Dersom alt går som planlagt leiger me ein buss og dreg utover med bortimot 25 rekruttar komande laurdag, fortel Anstein Eidsvik