Clement Havsgård (f.v.), William Lekven, Simen Heggland, Lauritz Lekven, Ørjan Sandven, Johannes Lie og Lars Magnus Lurø.
Clement Havsgård (f.v.), William Lekven, Simen Heggland, Lauritz Lekven, Ørjan Sandven, Johannes Lie og Lars Magnus Lurø.

Prins og prinsesse for ein kveld

Det glitra i paljettar og ung forventning då 400 elevar ved Os ungdomsskule feira nyttårsball i Oseana torsdag kveld.

- Vi er på jakt etter fine jenter. Helst dei blonde, flirar Clement Havsgård og poserer saman med kompisgjengen frå tiande klasse.

- Er det ingen av dykk som har kjærastar frå før?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei nei nei, vi er "single, and ready to mingle", ropar ein annan.

- Er de ikkje litt usikre på korleis de skal få kontakt med jentene då?

- Nei, berre vent til vi har fått i oss litt cola. Då blir vi heilt yre, seier Clement medan dei andre ler høgt.

Kompisgjengen poserer for fotografen med James Bond-aktig alvor. Konfirmasjonsdressane sit framleis som dei skal, slipsknutar og sløyfer er på plass og håret akkurat passe rufsete.

Foreldre = tryggleik

Om lag 60 frivillige foreldre, med FAU-leiar Hege Tønnessen i spissen, skal gjera kvelden fin og trygg for dei håpefulle.

- Kva synest elevane om å ha foreldra sine her?

- Eg trur faktisk dei fleste synest det er greitt. Dei veit at utan oss hadde det ikkje blitt noko nyttårsball. Vi held oss i bakgrunnen og prøver å vera usynlege, men vi er her og det skaper tryggleik, seier ho.

Limousin

Det tradisjonrike nyttårsballet er eit rusfritt arrangement. Difor må elevane rekna med både alkotesting og sjekk av vesker ved inngangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er heller ikkje lov å køyra fram til døra.

- Det handlar om trafikktryggleik, men sikrar også at elevane ikkje brukar tusenvis av kroner på å koma til festen i limousin, seier Tønnesen og legg til at dei også har oppmoda alle til å bruka finklede dei har liggande.

- Vi vil ikkje skapa unødig press på verken utsjånad eller pengebruk, seier Tønnesen og stiller opp til fotosession saman med FAU-kollega Jannicke Opheim og tre fjonge, unge jenter.

Kvit leppestift og blå mascara

- Usj, vi kjem så dårleg ut i forhold til dei, ler FAU-damene og mimrar om si eiga ungdomstid.

- Jenter i dag lærer å sminka seg på YouTube. Dei er så fine og flinke alle saman. I våre dagar gjekk det i kvit leppestift og blå mascara, sukkar Tønnesen og ler.

Veslemøy Stokke strålar i ein lang, grå kjole med blonder over skuldrene.

- Kjolen er ny til i kveld. Eg føler meg mest fin når eg får gå i noko nytt, seier ho. Veninna Sanne Torsvik har valt ein mørkeblå, lårkort kjole.

- Eg hadde lånt kjole i fjor og lånt kjole i år. Det viktigaste er at ingen har sett meg i han før, seier Sanne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg for nokre

Therese Johnsen er inspektør ved Os ungdomsskule og har vore med i planlegginga av ballet. Ho er tydeleg på at ein slik kveld også kan vera utfordrande for enkelte.

- Det er stort og uoversiktleg, og ein kan kjenna på presset om å sjå slik eller slik ut. Nokre kjem sjølv om det er tøft, og det kan vera ein siger i seg sjølv for enkelte. Enkelte blir også heime, seier ho.

Johnsen er oppteken av at kvelden skal bli ei god oppleving for elevane, og har sjølv vore rundt i klassane for å snakka om nyttårsballet.

- I USA til dømes, er det vanleg med ulike kåringar ein slik kveld. Men på vårt ball har vi valt kåringar som ikkje er knytta til utsjånad, men vel så mykje til personlegdom, seier Johnsen og skrid inn i ballsalen.

Danseløve: Kittikan Moonkan

Gledesspreiar: Solveig Enerhaug

Dronning: Ingrid Fagerbakke

Konge: Lauritz Lekven