Politietterforsking på timeplanen
Torsdag tok politiet i Os fingeravtrykk av alle tredjeklassingane på Lunde barneskule. Men dei hadde ikkje gjort noko gale. Eller...
Den siste tida har borna på 3. trinn på Lunde barneskule lært om det fonetiske alfabetet, og hatt politietterforsking på timeplanen. Då var det ekstra stas at politiet stakk innom torsdag denne veka.
- Politibetjentane fortalte mellom anna om korleis politiet arbeider, om refleksbruk og om dei viktige naudnummera, opplyser skulen i ein e-post til avisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politibetjentane vart veldig imponerte då fleire av borna kunne seia namnet sitt ved hjelp av det fonetiske alfabetet. I tillegg fekk elevane sjølve ta fingeravtrykka sine ved hjelp av sverte.
- Ekstra spennande vart det då politiet tok eit glas nærare i augesyn, pensla på pulver og børsta fram eit ordentlig fingeravtrykk på glaset, skriv skulen.
Timen vart avslutta med omvising i politibilen, blålys og sirener.