Pendlarar hjelper kvarandre via Facebook
I ei nystarta Facebook-gruppe får pendlarar til Bergen ferske oppdateringar om vêr og køyreforhold.
Sist fredag var det trafikk- og snøkaos i og omkring Bergen. Nok ein gong skapte ein isfast trailer kø over Vallaheiane, og pendlarar måtte venta i timesvis på å koma seg heim til middag.
Slik har det vore i mange år, og heller ikkje vegen over Fanafjellet er fri for utfordringar, sommar som vinter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Glatt veg, tre i vegbana, hjort langs vegen, vogntog som står fast og sykkelritt er berre nokre av utfordringane.
Lys idé
Men i fjor fekk pendlar og lysefjording Halfdan Hallseth ein lys idé. Han oppretta gruppa «Trafikkmeldinger Fanafjell» på Facebook. Der kan medlemene oppdatera kvarandre på føre- og vegmeldingar.
Gruppa har i dag 871 medlemer.
- Men nye medlemer er hjarteleg velkomne. I dag står trass alt ein ny ettermiddag med utfordrande køyreforhold for tur, seier administrator Hallseth.
- Men hugs, gruppa er til for å betra trafikktryggleiken. Vent difor med å leggja ut eller sjekka oppdateringar til du har stogga bilen dersom du sit bak rattet, formanar Hallseth.
Til slutt vil han gjerne skryta av medlemene sine.
- Alle er flinke til å berre leggja ut trafikkrelaterte meldingar. Det er viktig for at gruppa skal ha verdi.