Partia om ELDREOMSORG i Bjørnafjorden kommune

Måndag 9. september er det kommuneval og du kan vera med og bestemma kven som skal styra i nye Bjørnafjorden kommune. Kvar veke fram mot valet vil du kunne lesa om kva dei enkelte partia meiner om ei rekkje aktuelle saker. Fyrst ut er ELDREOMSORG.

{{imageLeft}}

Arbeidarpartiet 

Det skal vere trygt å bli gammal i Bjørnafjorden kommune. Framtidas eldre vil vere fysisk friskare, men samstundes ha behov for meir tilpassa løysingar etter kvart som sjukdomsbiletet blir meir komplekst. Vi vil at alle skal ha ein god og aktiv alderdom. Eldre er ei mangfaldig gruppe, og eldrepolitikken skal spegla dette. Vi vil styrka dagtilbodet og oppfølginga av demente, og i tillegg auka merksemd på tannhelse, syn og hørsle for alle omsorgsmottakarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må unngå einsemd og prioritere dei eldre si psykiske helse. Gjennom aktivitet, opplevingar, sosialt fellesskap og livsglede vil vi skapa ein meiningsfylt kvardag for våre eldre.

Vi skal vere garantisten for eit godt mattilbod, gjennom å servera lokalt laga mat på Luranetunet og på Fusa Bu- og behandlingssenter. Rett, god og tilpassa mat skapar trivsel og god helse.

Pleie- og omsorgstenestene skal ikkje på anbod, men driftast slik at vi sjølv har kontroll på kvalitet og tilbod. Våre tilsette skal ha heile og faste stillingar slik at brukarane får færre personar å forholda seg til i kvardagen.

{{imageLeft}}

Sosialistisk venstreparti

Vi i SV er opptatt av ein varm og verdig eldreomsorg, og ønskjer å styrkja sektoren monaleg. Alle eldreinstitusjonar skal ha eit eige kjøkken slik at bebuarane får mat produsert lokalt, tilpassa deira behov. Her vil vi også ha ein meny slik at dei eldre sjølv får vera med og velja kva dei skal eta kvar dag. Bemanninga må styrkjast slik at dei tilsette får tid til å vera med bebuarane på deira premissar, og ikkje berre til det mest nødvendige. Tilsette skal ha tid til å kunna setja seg ned og prata litt med bebuarane og dermed bidra til ein trivelegare kvardag for bebuarane. Vi ønskjer også å senka husleiga til bebuarane i omsorgsbustad på Luranetunet, slik at dei har meir pengar til overs. Det er viktig at dei eldre får behalda nok pengar til å kunna betala for seg sjølv og ikkje vera avhengig av familien økonomisk. Om vi får bestemma, vil dei eldre få ein betre kvardag.

{{imageLeft}}

Miljøpartiet de grønne

Livskvalitet er å få bu heime så lenge det er forsvarleg. MDG vil arbeida for tverrfaglege kjerneteam eller andre ordningar slik at eldre heimebuande kjenner seg trygge og veit kven som kjem på heimebesøk. 

Sunn, kortreist mat er godt for helsa og trivselen. Vi ønsker eit godt mattilbod og meiningsfulle aktivitetar og kulturtilbod på sjukeheimar og for heimebuande. Her kan også innsatsen frå lag og organisasjonar vera med å gjera ein forskjell. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunn kommuneøkonomi er avgjerande for å sikra nok ressursar til god eldreomsorg og andre kjernetenester. Framover kjem presset til å auka på desse tenestene av di vi vert fleire eldre utan at ressursane akar tilsvarande. MDG er eit ansvarleg parti, og vi er opptekne av forsvarleg og føreseieleg drift av kommunen i eit langsiktig perspektiv. Berre slik kan vi sikra at kommunen kan yta tenester av høg kvalitet i åra som kjem.

{{imageLeft}}

Høgre

Helsetenester i Bjørnafjorden kommune skal vera prega av kvalitet og kompetanse. Kvalitetsreforma «Leve hele livet» skal forbetra det aller viktigaste i eldreomsorga: Maten, helsehjelpa, aktivitet og fellesskap. Reforma skal sikra samanheng i tenestene og vi skal vera ein aldersvenleg kommune. Høgre ser på eldre som ein stor ressurs i samfunnet, og deira tid og kompetanse er naudsynt å nytta når vi skal møta ei stadig veksande aldersgruppe på ein god måte.

Frivilligheit og førebygging skal prioriterast høgt i komande periode. Høgre garanterer at tryggleikssjukepleiar vert vidareført for å følgja opp heimebuande seniorar sine behov, og ein skal oppleva å vera sjef i eige liv. Høgre vil satsa på kompetanse gjennom etter- og vidareutdanning innan helse og omsorg, og vi vil ha fokus på leiarutviling og beste praksis i Bjørnafjorden. Vi skal sørgja for å tilby heiltidsstillingar og sikra eit godt samarbeid med organisasjonane om arbeid med alternative turnusar.  

{{imageLeft}}

Venstre

Bjørnafjorden Venstre ser på helse som resultat av arv, det fysiske og sosiale miljø ein skapar, tenester som blir produsert og tilbydd. Omsorg handlar om korleis vi tek vare på kvarandre.  

Vi  vil satsa på god livskvalitet  i alderdommen:

- Eldre må få bu heime så lenge dei kan og få tilsyn og hjelp etter behov i heimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tannhelsetenesta  for eldre må  styrkast.

- Bjørnafjorden Venstre vil gå inn for kjøkken på Luranetunet.

{{imageLeft}}

Kristelig Folkeparti

BETRE ALDERDOM

KrF vil leggja til rette for ein verdig alderdom for alle. Bjørnafjorden KrF ønskjer å auka ressursar særleg innan heimetenesta, då mange ynskjer å bu heime lengst mogleg. Når behovet melder seg er det òg viktig å ha eit godt sjukeheimstilbod i kommunen. Me ønskjer å arbeida for å oppretthalda ein sentralisert sjukeheimsfunksjon.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

- å halda oppe nivået på tenestene for heimesjukepleie og heimehjelp slik at ein skal kunna bu heime så lenge ein ønskjer,

- å bidra til omsorg og aktiv livshjelp for dei som kjempar ved livets slutt

Artikkelen held fram under annonsen.

- at bemanninga vert halde oppe slik at dei tilsette har tid nok til å ta seg av heile mennesket.

- å fortsett ha fokus på kompetanseheving.

- sørgja for kvalitet i kvardagen til dei eldre, til dømes aktivitørteneste og tilbod frå den kulturelle spaserstokken.

- å etablere eige kjøken på Luranetunet.

{{imageLeft}}

Senterpartiet

Alderdom er individuell, tilbodet må tilpassast den enkelte. SP arbeidar for gode tenester med fokus på førebygging, rehabilitering og sosial deltaking.

Ein skal ha ein trygg og verdig kvardag, uavhengig av bustad. God heimebasert omsorg skal sikra at dei som ynskjer det, kan bu i eigen heim.

Alle skal ha meiningsfulle dagar med tilbod om fysisk-, sosial- og kulturell aktivitet både heime og på institusjon. Alle skal ha eit variert kosthald med heimelaga mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frivilligsentralen er ein viktig bidragsytar i omsorg for dei eldre, denne må styrkjast. Eldrerådet må få legge fram sine syn og planar for politiske saker.

SP vil arbeida for:

- å oppretthalda og utvikla tenestetilbodet ved institusjonane

- fleire avlastingsplassar for demente

- god heimebasert omsorg

- bruk av velferdsteknologi i heim og på institusjon

- kjøkken på Luranetunet

- auka tilskot til Frivilligsentralen

Artikkelen held fram under annonsen.

- oppretta aktivitørstilling i kommunen

- god bemanning, auka kompetanse og rekruttering til omsorgsyrka

{{imageLeft}}

Fremskrittspartiet

Eldreomsorg har alltid hatt 1.prioritet for Fremskrittspartiet. Slik vil det også væra i nye Bjørnafjorden kommune. I neste periode vil vi sikre likeverdige tenester på begge sider av fjorden, realisere Leve heile livet-reforma og byggja ut kapasiteten i tråd med behova. 

Leve heile livet-reforma set m.a. fokus på ernæring og matopplevingar, aktivitetstilbod, samarbeid med friviljuge og eit alders- og demensvenleg samfunn. 

I tillegg lanserer FrP også eit nytt konsept med sjukeheim og demenslandsby på Askviknes, og vi vil byggja nytt kjøkken m/kafedrift på Luranetunet. Forsøket med Statleg finansiering av omsorgstenestene (SIO) gjev oss no høve til å levere Noregs beste omsorgstenester med livskvalitet for alle. I FrP set vi fokus på både mottakar av tenestene og deira pårørande – vi skal ha individuelt tilpassa tenester både i heimen, på dagsenter, i avlastning og på sjukeheimane. 

 

Innhaldet i denne artikkelen er utarbeidd av marknadsavdelinga i Os & Fusaposten.

Os & Fusaposten skal ha eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar ikkje er merka tilstrekkeleg, gje oss beskjed på e-post.