På stumpane laus i skuletida
Det var mange skuleborn som koste seg i akebakken denne veka. «Os og Fusaposten» fekk "hengja" litt med elevar frå Os og Nore Neset.
Onsdag fekk kring 150 elevar frå Os barneskule boltra seg i bakkane ved Sveo bak Rema 1.000 ved Byvegen.
- I dag har me 1.,3., og 5. klasse her. Dei andre har skidag, fortel lærar Lise Hofland ved Os barneskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Nore Neset barneskule var det berre fjerdeklassingane som hadde akedag. Dei nær 50 elevane hadde heile bakken på Hovland for seg sjølve.
- Her har det gått i eitt i heile dag. Det er opp og ned og opp og ned i eitt sett. Ein kan godt kalla det ein aktivitets/trim-dag, seier lærarar Jørn Vegard Berge.
Heilt utan uhell gjekk det ikkje.
- Nei, dessverre. Me hadde to jenter som måtte gå heim etter å ha skadd seg. Begge er henta. Me får håpa det går greitt med dei, seier læraren.