Ikkje lov til å trø utanfor med beina! Javel, då får ein stå på hovudet.
Ikkje lov til å trø utanfor med beina! Javel, då får ein stå på hovudet.

På hovudet for psykisk helse

Om lag 75 tiandeklasse-gutar deltok tysdag på Os ungdomsskules prosjekt for psykisk helse: «Sjå kvarandre, kast maska».

Gymsalen på Os ungdomsskule brusar av testosteron og latter. Rundt om i rommet vert det spelt basketball, pønska på logiske grublisar, balansert og samarbeidd. Nokre endar til og med på hovuet for å losa teamet sitt i mål.

- Gutane har testa balansen mellom fysisk aktivitet og samtalar og lytting. Forsking viser jo at fysikk og psyke heng tett saman, seier ein glad og nøgd inspektør, Therese Johnsen. Saman med mellom anna vernepleiar Linn Elise Dahl frå Os kommune og lokale MOT-ambassadørar, har ho nettopp gjennomførtskulens aller fyrste temadag om psykisk helse, berre for gutar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette må vi absolutt gjera oftare, seier Johnsen og Dahl i kor.

Dagen starta med at Simen Almås frå Gjøvik fortalde ei sterk og personleg historie om å møta veggen som 13-åring og korleis han arbeidde seg ut av dette.

- Det treffer nok mange når ein ung mann vågar å setja ord på vanskelege ting, seier Johnsen.

MOT-ambassadør Anne Solberg Andersson ler med gutane som vel stadig meir kreative løysingar for å halda seg på matta.
MOT-ambassadør Anne Solberg Andersson ler med gutane som vel stadig meir kreative løysingar for å halda seg på matta.
Vernepleiar Linn Dahl leier ei øving i balansekunst.
Vernepleiar Linn Dahl leier ei øving i balansekunst.
Inspektør Therese Johnsen ved Os ungdomsskule er svært nøgd etter pilot-arrangementet.
Inspektør Therese Johnsen ved Os ungdomsskule er svært nøgd etter pilot-arrangementet.

Dagen gjennom har gutane jobba med ulike caser. Blant anna kva dei skal gjera når ein ven har gått vidare med ein fortruleg løyndom.

- I løpet av samtalen kom det fram mange tankar om korleis ein god ven skal vera, seier Johnsen. Ho rosar dei "unge mennene" for å gje seg i kast med eit krevjande tema.

- Er jentene misunnelege på at dei måtte ha vanleg skuledag?

- Kanskje litt. Men vi skal få til noko med jentene ein annan gong, smiler Johnsen.

Ho fortel at skulen er godt budd til å takla dei reaksjonane som måtte koma i etterkant av ein slik dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her er både meistringsteam, helsesøster og lærarar som det går an å snakka med. Ikkje minst kan vi hjelpa gutar som treng nokon å snakka med, vidare i hjelpeapparatet, seier ho.