Utviklinga i Osmarka bekymrar. Det ser ut til at store inngrep kan skje utan offentleg høyring og dermed demokratisk medverknad.
Utviklinga i Osmarka bekymrar. Det ser ut til at store inngrep kan skje utan offentleg høyring og dermed demokratisk medverknad.

Osmarka som nærfriluftsområde

Osmarka er nærfriluftsområde for omlag halvparten av innbyggjarane i Os, samtidig som det er sterkt press på areala til andre formål. Det er få nærområde att nær sentrum og derfor er Osmarka viktig å behalde som grøntområde.

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det å leggja til rette for nærfriluftsliv ei prioritert oppgåve.

I den nasjonale Folkehelsemeldinga blir kommunane bedt om å leggja til rette for friluftsliv med særlig vekt på nærfriluftsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barnehagar og skular bruker Osmarka fordi ho er lett tilgjengeleg for dei. I tillegg blir marka flittig brukt av andre turgåarar. Dette gjev betre folkehelse, noko samfunnet i sin tur sparer store beløp på.

Den Norske Turistforening bidrar med tilrettelegging, men då med vekt på minimale naturinngrep og slitasje.

Os Turlag fekk i friluftslivets år 2015 Innspirasjonsprisen frå Os kommune som ei annerkjenning av vårt frivillige arbeid med tilrettelegging for friluftsliv i Os. Vi ser med undring på at det er godkjent ein 4 meter brei og 2,5 km lang vei gjennom Osmarka langs den verna Oselva, i tillegg til det som er og er beslutta som inngrep i Osmarka:

- Treningsløypa til Os Travklubb er ca. 1,5 km lang og vart bygd i 1986. Dei har avtale med Opplysningsvesenets fond fram til 2026

- Knutabruo vart opna i 2015 som eit dugnadsprosjekt.

- Reguleringsplan for Osstølen - Sveo vart godkjend i 2013 og ei framtidig utbygging her vil føra til store arealinngrep i marka.

- Os kommune har lova å byggja tursti frå Banktjørnhaugen barnehage til Knutabruo.

- Opplysningsvesenets fond har som innspel til kommuneplanen sin arealdel sett fram ønskje om å etablera eit stort bustadfelt i nordenden av Osmarka ved Flaterås.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Av Os og Fusaposten 27.07.2016 ser me at Opplysningsvesenets fond har fått god- kjenning for ein 4m brei og 2,5km lang skogsveg i Osmarka langs den varig verna Oselva.

Offentleg medverknad

Den Norske Turistforening og dermed Os Turlag ønskjer at me skal kunna bruka naturen på ein miljøvenleg og berekraftig måte med minimale naturinngrep og slitasje.

Utviklinga i Osmarka bekymrar. Det ser ut til at store inngrep kan skje utan offentleg høyring og dermed demokratisk medverknad.

Os Turlag ber om at det ikkje blir sett i gang nye tiltak i Osmaka før arealbruken er fastsett i ein formell arealplan med føresegner. Gjeld ikkje reguleringsplan Osstølen-Sveo.

Arvid Øvreeide

Leiar

Os Turlag