Om Vestlandshagen i Torsdagsakademiet
Lisbeth Dreyer opnar haustprogrammet i Torsdagsakademiet i Fusa med biletforedrag om vestlandske hagar torsdag.
Lisbeth er forfattar og filmskapar og bur på Holmefjord i Fusa, men kjem opphavleg frå Bergen. Ho har reist på oppdagingsferd i vestlandske hagar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Resultatet vart praktboka Vestlandshagen som kom ut på Skald forlag i 2014. I denne rikt illustrerte boka tar ho oss med på ei stemningsfull vandring og ei fotografisk reise i hagekunst, lys og atmosfære.
Dreyer er også aktuell med utstilling om "nasjonalfotografen" Knut Knudsen (1832-1915) og har laga ei tredelt utstilling som denne sommaren vert synt på Voss folkemuseum, Hardanger folkemuseum på Utne og Fartøyvernsenteret i Norheimsund. I tillegg har ho og mannen Skule Eriksen laga både film og bok om same emnet. Boka er blitt ein bestseljar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne torsdagen er det hageprosjektet som er i fokus, og du kan vandra saman med Lisbeth og ta del i hagegledene. Arrangementet er i Fusa folkebibliotek sine lokale på Kommunetunet i Eikelandsosen.
Neste program i Torsdagsakademiet blir med artisten Hans-Martin Austestad 6. oktober.
Fusa folkebibliotek