Om «dressur» av trafikantar
Politiet gjer ein god jobb for ein tryggare trafikk. Men når dei tek i bruk «dressur» mot trafikantane er dei på feil veg. Eit slikt tiltak høyrer ikkje heime i vårt samfunn.
I mitt tidlegare arbeidsliv har eg lest gjennom mange forskingsrapportar om trafikktryggleik. Men eg finn ikkje dressur som effektivt tiltak. Derimot finn eg åtvaring mot restriksjonar som er i utakt med trafikantane sin rettsoppfatning. Dette kan føra til negative syn på trafikktryggleiksarbeidet.
Les også:UP dresserer lokal-trafikantane
Artikkelen held fram under annonsen.
Det aktuelle spørsmålet er om fartsgrensa frå Bedehuset til ytre Thuen, og frå Valle til ytre Heggland er rett?
Stortinget har i vegtrafikklova fastsett to fartsgrenser: 50 km/t i tettbygde strøk og 80 km/t utanfor tettbygde strøk. Departementet kan skilta andre fartsgrenser.
Seinare har regionsvegkontoret, politiet og kommunen fått heimel for å vurdera kva som er tettbygd strøk. Kven har då vurdert desse strekningane til å vera tettbygd strøk?
Både på Lepsøyvegen og i Hegglandsdalen er det, på ovannemnde strekningar, god oversikt, god og sikker gangveg og ingen tettbygd strøk. Er då fartsgrensa rett?
I mange år var fartsgrensa i Hjellemarka 50 km/t. Dette er no endra til 70 km/t, då det ikkje er tettbygd strøk. Tilsvarande vurdering bør ein gjera på Lepsøyvegen og Hegglandsdalsvegen.
Ord til ettertanke: «En lov skal være til velsignelse for et samfunn - ikke en pedantisk svøpe» (Johs. Andenæs)
Jan Gaassand