Slik Herleiv Rolfsnes skriv er det fleire døme på at den bundne forma vart og vert nytta i eigennamn t.d. om Hålandsdalen kyrkje, men ein ser også Hålandsdal kyrkje brukt, sjå t.d. namnebruken i Fusa sokn sin informasjon om kyrkjene på internett. Likeeins ser ein at det vert nytta både Hålandsdal sokn og Hålandsdalen sokn i skriftlege kjelder.
Slik Herleiv Rolfsnes skriv er det fleire døme på at den bundne forma vart og vert nytta i eigennamn t.d. om Hålandsdalen kyrkje, men ein ser også Hålandsdal kyrkje brukt, sjå t.d. namnebruken i Fusa sokn sin informasjon om kyrkjene på internett. Likeeins ser ein at det vert nytta både Hålandsdal sokn og Hålandsdalen sokn i skriftlege kjelder.

Om bundne og ubundne former i Hålandsdalen

Det Fusa kommune har gjort er å argumentera for at det er ein lokal namneskikk å nytta den ubundne forma i fleire eigennamn. Herleiv Rolfsnes meiner dette er ei bastardform som berre finst i eit par unntak som t.d. Hålandsdal idrettslag. Her er det Rolfsnes som er på ville vegar.

I lesarbrev stiller Herleiv Rolfsnes seg uforståande til at rådmannen i Fusa rår til at bygdenamnet Øvre Hålandsdal skal skrivast i ubunden form. Rolfsnes argumenterer for endinga -en og seier spissformulert "Rett nok har Fusa kommune dårleg økonomi, men pengar til trykksverte for to bokstavar må me kunne sjå oss råd til".

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for denne saka er adresseringsprosjektet i Fusa kommune og namngjeving av eksisterande vegnett. I dette arbeidet vart det halde eit folkemøte på Holdhus i mars 2015. Her møtte fleire oppsitjarar frå det som på folkemunne vert kalla for Øvredalen.

I møtet var det stor semje om å kalla vegstrekninga frå Eide til Tveita for Øvre Hålandsdal, altså i ubunden form og utan halehenget -vegen. Argumenta for den enkle, ubundne forma var at den er stuttare, lettare og kling betre når du får det etterfølgjande talet bak t.d. Øvre Hålandsdal 372.

Etter ei offentleg høyring utan motsegner vart adressenamnet Øvre Hålandsdal tilrådd av kommunestyret 3.6.2015. Saka gjekk så vidare til Språkrådet som klaga på vedtaket sidan dei ikkje hadde den ubundne forma Øvre Hålandsdal registrert i sine namnedatabasar over geografiske namn.

I dialog med Språkrådet kom ein til at dersom det er ein sterk tradisjon for bruk av eigennamnet Øvre Hålandsdal i ubunden form, t.d. i bygdenamnet, så kan dette liggja til grunn for adresseringa. Språkrådet rådde då til at Fusa kommune tok opp spørsmålet om fastsetjing av skriveforma for bygdenamnet Øvre Hålandsdal. Her gjer Fusa kommunestyre det endelege vedtaket og spørsmålet kan ikkje overprøvast av Språkråd og Kartverk.

Herleiv Rolsnes brukar sterke ord i sitt lesarbrev og skuldar rådmannen for å fara med feil og villeiande informasjon. Som sakshandsamar i saka skal eg vera den første til å vedgå at det er gode argument for bruk av den bundne forma. Det geografiske namnet på dalføret er i kartet Øvre Hålandsdalen. Dette står fast og vert inga endring på.

Det Fusa kommune har gjort er å argumentera for at det er ein lokal namneskikk å nytta den ubundne forma i fleire eigennamn. Rolfsnes meiner dette er ei bastardform som berre finst i eit par unntak som t.d. Hålandsdal idrettslag. Her er det Rolfsnes som er på ville vegar.

Slik det går fram av bygdeboka «Heilt andre tider», gjorde heradstyra i kommunane «Fuse herred» og «Hålandsdalen herred» i 1917 vedtak om å fornorska kommunenamna til Fusa herad og Hålandsdal herad.

Nynorsken sitt inntog er truleg bakgrunnen for at ein i åra som kom fekk fleire eigennamn som nyttar den ubundne forma t.d. Øvre Hålandsdal postopneri, Hålandsdal folkeboksamling, Hålandsdal idrettslag og seinare Øvre Hålandsdal grendalag og Hålandsdal musikklag. To av dei eldste laga nytta også den ubundne forma; Hålandsdal skyttarlag og Hålandsdal U.L.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik Herleiv Rolfsnes skriv er det også fleire døme på at den bundne forma vart og vert nytta i eigennamn t.d. om Hålandsdalen kyrkje, men ein ser også Hålandsdal kyrkje brukt, sjå t.d. namnebruken i Fusa sokn sin informasjon om kyrkjene på internett. Likeeins ser ein at det vert nytta både Hålandsdal sokn og Hålandsdalen sokn i skriftlege kjelder.

Fleire av dei døma Rolfsnes nyttar er frå seinare tid og kanskje er dette også eit teikn på at nynorsken står svakare i dag enn i 1917 og at folk er mindre opptekne av nyansane i språkbruken som ligg til grunn for å skilja mellom bundne og ubundne former.

Det er også rett at den bundne forma vert nytta når det er snakk om kvar ein kjem frå; frå Hålandsdalen eller Øvredalen. Det er uproblematisk. Saka som ligg til politisk handsaming er heller ikkje eit spørsmål om det er rett eller gale å nytta bunden eller ubunden form i ein kvar samanheng, men om det er gode nok argument for at grenda i Øvre Hålandsdalen kan få grende-/ bygdenamnet Øvre Hålandsdal.

I den saka har altså rådmannen i Fusa hamna ned på at så er tilfelle og at vi bør imøtekoma bygdefolket sitt ønske om adressa Øvre Hålandsdal og at grenda formelt får namnet Øvre Hålandsdal.

Erik Vangsnes

Kulturleiar