Elena Larsen og dottera Katrine (10) var blant dei som tok turen innom S. Tvedt AS for å koma i den rette stemninga.
Elena Larsen og dottera Katrine (10) var blant dei som tok turen innom S. Tvedt AS for å koma i den rette stemninga.

O'jul med din glede

Torsdag var det kveldsope på Osøyro. Nokre nytta høvet til å koma i skikkeleg julestemning.

Det var godt å koma seg innomhus på Osøyro torsdag. Etter kvart som timane gjekk, kraup temperaturen på gradestokken lenger og lenger ned.

Hjå S. Tvedt AS inviterte Tove Tvedt Skarstein til juleverkstad. På programmet stod binding av julekransar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har klypt brakebuskar og laga moseballar, fortel Katrine Larsen (10).

Saman med mora, Elena, tok ho turen innom for å sjå kva som hendte.

- Det er kjekt med litt mor og dotter-tid og så er det kjekt å laga julepynt, seier Elena Larsen.

Camilla Bøe ser fram til å pynta kransen ho har laga.
Camilla Bøe ser fram til å pynta kransen ho har laga.

Dei var ikkje dei einaste som var klare for å henta fram litt julestemning.

- No er det berre pyntinga som gjenstår, fortel Camilla Bøe medan ho konsentrerer seg om arbeidet.

- Det er sikkert 100 år sidan eg laga julekrans sist, men det er ein kjekk aktivitet som får opp julestemninga, smiler Guro Wiig.