710 lag er klare for komande helgs Voss Cup.
710 lag er klare for komande helgs Voss Cup.

Ni lokale lag klare for Voss Cup

Ni lag frå Os og Fusa er klare for Voss Cup denne helga. Totalt skal 710 lag ta del i denne fotballfesten.

Det er 25. gong at Voss IL arrangerer fotballcup for born i alderen 6-12 år på grasbanene på Vossestrand. I høve jubileumsåret vert det stor showkveld på byscenen ved banane laurdag kveld.

- Me gjer litt ekstra i samband med 25-årsjubileet. Blant mange flotte artistar trur me Mini GP-vinnarane Markus og Martinus vil lokka mange unge jenter til scenen, seier turneringsleiar Arne Førde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkefest

Med over 700 deltakarar reknar arrangøren med at det vert kring 8.000 spelarar og trenarar. I tillegg kjem det mange folk for å sjå på.

- Det vert folksamt, men me har god tradisjon for å gjera plass til alle. Me har mange banar til disposisjon - totoalt 32 (12 7-arbanar og 20 5-arbanar) - og parkeringsplassar er det også godt med, seier Førde, som har leia arrangementet i 10 år.

Ifølgje vêrmeldarane kan årets Voss Cup-deltakarar sjå fram til perfekte speletilhøve. Opphald og 18-19 gradar lovar bra for helga.

For utfarten frå Os/Fusa til Voss seier arrangøren dette:

- Det kan bli kø oppover, spesielt ettersom ein må forbi området der vegvesenet har rassikringskontroll. Vårt tips er å koma seg av garde så tidleg som mogleg, seier Arne Førde.

Eit anna alternativ som er nemnd er å køyra over Kvamskogen og rundt Granvin.

9 lokale lag

Ni lag frå Os og Fusa er klare for innsats på Voss. Dei fleste reiser opp alt fredag kveld og bur på skular i og rundt Vossestrand.

Nore Neset IL stiller med den største deligasjonen. Dei har med fem lag - eitt gutar 11, to gutar 12, eitt jenter 11 og eitt jenter 12-lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsfjoden IL stiller med eitt gutar 11-lag.

Lysekloster IL og Ådlandsfjorden IL stiller med kvart sitt gutar 10-lag.