Muslimsk julefeiring på Elvebakken
Visste du at også Koranen lærer at Jesus vart fødd av jomfru Maria? Møt to muslimar frå Jesu fødeland som skal feira jul i Os.
Eit spørsmål kvernar i hovudet medan eg går i retning Elvebakken der det unge, palestinske ekteparet Usama (31) og Manar (27) held hus. Feirar muslimar eigentleg jul? Eller er dei som Jehovas vitne som avstår av religiøse årsaker?
Pengar og presangar
Straks eg kjem inn i stova, kan eg ganske kjapt konstatera at det i alle fall ikkje er snakk om total boikott. Manar står og pakkar inn julegåver på kjøkenet, og det ligg ei samling ferdiginnpakka gåver i sofaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me var ikkje vane med å gje og få gåver heime i Palestina. Men i fjor jul fekk me så mange gåver til oss og borna våre. Difor bestemte me oss for at me har lyst å gje nokre gåver tilbake, seier Manar.
- Hugsar du kva du fekk av Usama til jul i fjor, då?
- Parfyme. Han gjev alltid parfyme - eller sjokolade, ler Manar.
Usama fortel at under den muslimske høgtida Eid er det vanleg skikk at mennene gjev kontantar til kvinner og born.
- Det er på mange måtar betre - då kan damene kjøpa seg det dei vil, i staden for at dei berre må ta i mot den gåva dei blir gitt, seier Usama.
Manar vedgår at ho har blitt veldig glad i å gje og få gåver etter at ho kom til Noreg.
- Eg elskar å få gåver. Og å gje gåver.
- Eg trur du får meir enn du gjev, ler Usama.
Artikkelen held fram under annonsen.
Julebord-rekord?
Manar kom til Noreg i fjor. Usama redda henne og ungane ut frå Gaza, medan krigen mellom Israel og Hamas herja som verst. No er familien i ferd med å etablera seg i landet - ungane går i barnehage, medan Manar lærar norsk og er på jobbjakt. Usama sjonglerer mellom fleire jobbar. I år har både han og kona dermed fått grundig innføring i den norske julebord-tradisjonen. I tillegg til fleire tolkeoppdrag, har han jobba på butikk, hotell - og no har han fått ny jobb som flyktningkonsulent på det nye asylmottaket på Landås.
- Det blir gjerne eit julebord per jobb. Så no har me verkeleg fått smaken på pinnekjøt! seier Usama.
Kva tenkjer muslimane om Jesus?
Bak den norske julefeiringa ligg som kjent juleevangeliet i botnen: Korleis Jesus vart fødd som eit lite barn av ei jomfru i Bethlehem. Kva tenkjer muslimane om dette?
- Me som muslimar trur på Jesus. Ein kan ikkje vera muslim utan å tru på Jesus, seier Usama.
- Han er rekna som ein stor profet i vår tru. Det står faktisk meir om Jesus enn om Muhammed i Koranen. Og det er forventa av oss som muslimar at me viser Maria respekt. I Koranen står det ingenting om Aisha, Muhammeds kone, men Maria står det eit heilt kapittel om, seier Usama.
- Eg trur ikkje alle nordmenn er klar over dette.
- Mykje i Nye Testamentet og Koranen stemmer overeins. Me trur på å vera takknemlege, på å visa respekt, på å gjera Guds vilje og så vidare, akkurat som kristne. Men me trur ikkje at Gud treng søner, me trur at Jesus var ein profet, forklarer Usama.
Jomfrufødselen i Koranen
Framfor oss ligg oppslått nokre vers frå muslimane si heilage bok. Ei forteljing til forveksling lik den om engelen Gabriel og Jomfru Maria i Nye Testamentet:
Artikkelen held fram under annonsen.
"Vi sendte vår engel til Maria, og den framstod for henne som en vakker mann. (...) 'Jeg er bare en Herrens utsending for å gi deg en sønn, ren av hjertet', sa engelen. Da sa hun: 'Hvordan kan vel jeg få en sønn, da ingen mann har rørt meg? Jeg er ikke løsaktig!'. Han svarte: 'Slik blir det! Herren sier: 'Dette er lett for meg! For vi vil gjøre ham til et tegn for menneskene, og en nåde fra Oss."
Dette er kjente og kjære ord for både Manar og Usama, som studerte dei heilage tekstane på skulen heime i Gaza.
- Dersom muslimane trur på Jesu fødsel av ei jomfru akkurat som kristne, kan de vel feira jul som oss?
- Sjølv om det står mykje om Jesus og Maria i Koranen, har me ikkje ei eiga høgtid for Jesu fødsel slik de kristne har. Heime i Gaza var det likevel heilt vanleg at me feira jul i lag med våre kristne naboar, seier dei.
Julefeiring i Gaza
- Kva kan de hugsa av julefeiringa i heimbyen?
- Dei kristne kom på besøk og hadde med godteri til oss borna - det var sjølvsagt veldig populært. Ein skilnad frå Noreg var at dette skjedde 6. januar, seier Usama.
For dei ortodokse kristne palestinarane tek julefeiringa til 24. desember etter gamal kalender, som omrekna til vår kalender blir 6. januar.
- Fleire naboar pleidde å gå i lag om å leiga ein person som nisse for alle borna i nabolaget. Det er ein tradisjon som fint kunne ha passa her i Noreg også, seier Manar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei fortel at det ikkje var noko fiendtleg forhold mellom kristne og muslimar i Gaza då dei var små. Tvert i mot.
- Då eg var liten, var det alltid kristne i nabolaget. Når jula kom, gjekk me på besøk til dei for å seia gratulerer. Eg var fleire gonger på besøk i kyrkja. Eg har vore med på både dåp og bryllaup i kyrkja. Presten - fader Dimitry - kom på besøk til dei kristne i Gaza i jula, og dei stakk også innom oss. Ikkje berre i kristne høgtider, men i våre høgtider også, seier Usama.
Lengtar heim, håpar på fred
Forholdet til Israel gjev derimot eit skår i julegleda for palestinarar. Dei som kjem frå gazastripa får ikkje lov å besøka palestinske slektningar på Vestbreidda - og dermed heller ikkje Bethlehem.
- Eg sa til ein kristen ven av meg: Me er veldig glade i dykk, våre kristne brør. Me trur på Jesus i tillegg, men me får ikkje lov å besøkja Bethlehem. Det er veldig dumt, seier Usama.
Dei legg ikkje skjul på at dei saknar heimlandet sitt, og er klare på at dei vil reisa tilbake dit dersom det blir fred.
- Eg trivst i Noreg, men eg saknar familien min så mykje. Saknar alle gatene. Alle små detaljar. Alt! Nokon gonger sit eg og hugsar, og grin og grin. Heldigvis er eg oppteken med jobbsøking, norskkurs og born, seier Manar.
Viktig julebodskap frå Manar og Usama
- Kan eg få seia noko viktig? spør Manar med eitt.
- Ja, ver så god.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har fått mange gode vener i Noreg, både kristne og muslimar. Og me har møtt så mange snille folk her. Men av og til merkar eg at nokon folk verkar vera redde for oss. Det verkar som om nokon tenkjer at alle muslimar er terroristar. Men dei som driv med terror, er ikkje muslimar. Eg er muslim, og eg har ikkje gjort noko gale - kvifor ser eg då mangel på respekt i augene dine?
- Er det slik at de merkar på dette til dagen?
- Ja, av og til møter du folk som tenkjer feil. Dei verkar vera skeptiske til kulturen og bakgrunnen din. Det er faktisk litt ubehageleg. Eg må bevisa for alle folk at eg er god og snill, seier Usama.
- Det har kanskje med mediefokus å gjera? legg Manar til.
- Muslimar er som alle andre, vanlege folk, me respekterer både kristne og jødar. Me likar folk. Me respekterer dei som trur annleis. Alle kan få ha sine tankar - eg er kanskje ikkje einig med alt du trur på, men det er ikkje det viktige. Det viktige er at alle respekterer kvarandre. Kristne, muslimar - me er alle brør, seier ho.