Musikalsk mann, med mykje på hjarta
Når Øyvind Hægland byrjar å prata, er han særs vanskeleg å stoppa. Til gjengjeld har han mykje artig å fortelja.
I 16 år veke-pendla Øyvind til ulike jobbar som økonomisjef i Austevoll, Jondal og Hemsedal. På bilturane til og frå Os gjekk kanskje tankane om å spela inn meir musikk når han berre fekk tid. Det har han no.
Engasjert herremann
I heimkommunen Os er Hægland mest kjent for å vera ein engasjert herremann som gjerne tek eit tak for å hjelpa andre. I åras løp har 64-åringen vore ein aktiv bidragsytar i samband med veldedigheitsarbeid, innsamlingsprosjekt, støttekonsertar og liknande. I tillegg har han gjort ein innsats for å betra aktivitetstilbodet for ungdomen i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Ung lørdag» var eit prosjekt han starta i lag med Anne Lyssand.
Nær platekontrakt
Mot slutten av 1980-talet vart Øyvind kjent med bergens-produsenten Trygve Thue. Mellommann var osingen Ole Amund Gjersvik, som Øyvind kjente frå før.
- Det var jo eigentleg ganske rart at dei hadde tid til meg. Den gongen var Trygve og gjengen rimeleg etterspurde, mellom anna med «Lollipop»-programmet på TV. Sjølv var eg også ein oppteken mann med leiarstilling i ei produksjonsbedrift og familie-auke på gang i heimen, fortel Hægland.
Han fann likevel tid til å spela inn musikken sin i studioet til Trygve Thue. Resultatet vart studioalbumet «We're in this Together», som kom ut i 1992.
Plata fekk dekning i bergenspressen og vart spelt på NRK Radio. Låten «Final Song» var inne på «Norsktoppen».
- Eg var i samtalar med eit av dei store plateselskapa, men ein forpliktande avtale ville kravd sitt. Eg måtte difor prioritera familie og jobb, seier han.
Rastlaus og impulsiv
Det er nesten gått to år sidan Øyvind takka for seg som økonomisjef i Hemsedal kommune, og starta heimturen til Os og pensjonist-tilveret her.
Trebarnsfaren bur i dag i einebustaden i Solstrandvegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har alltid hatt huset her, og sjølv om eg har jobba andre plassar har eg alltid skatta til Os.
- Korleis blei det slik at du stadig fekk deg jobb langt borte?
- Ja, det kan du seia. Eg er vel ein impulsiv kar som har lett for å kasta meg uti ting. Dessutan meinar eg det er langt betre å køyra over høgfjellet i fantastisk natur, enn å sitja å stampa i trafikk-korken på Danmarksplass, ler Øyvind.
- Kvifor var du aldri økonomisjef i heimkommunen?
- Os kommune har alltid hatt gode økonomisjefar. Eg har heller aldri blitt vurdert som aktuell for ei slik stilling eller noko liknande. Dessutan såg eg ein moglegheit for meg og borna til å stå oftare på ski ved å ta jobben i Hemsedal.
Måtte endra teksten
God på ski var han også sjølv. Frå slutten av tenåra til langt ut i 20-åra var han ein aktiv alpinist.
- Eg køyrde for Voss Skilag og seinare for Fana Skiteam. Eg hadde vel eit visst talent, men så møtte eg ei jente, og mista litt fokus, humrar han.
Øyvind var ein allsidig gut. Då han voks opp i Mobergsvegen, dreiv han med fotball, skeiser og andre idrettar. Gitaren plukka han opp som 9-åring.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Os skule skulle ha såkalla elevkveld i Fjellheim, og Jan Moberg, Leif Lund og eg bestemte oss for å opptre. Då ingen av oss kunne spela noko, vart eg nøydd til å læra meg nokre grep på gitar.
- Kva spelte de?
- Me spelte ein song som var populær den gongen: «No øl, no vin, no dram», men ettersom læraren ikkje var like happy med at elevane song ein slik tekst, måtte me endra refrenget til: «No snø, no is, no regn, ler Øyvind, som legg til at dette likevel ikkje var avgjerande for at han i dag berre drikk alkoholfritt øl.
Vidare i tenåra spelte han ein del i lag med sin to år eldre bror, tidlegare primus motor for Osøren Jazz- og bluesfestival, Pål Per Kristian Hægland.
- I lag med Otto Lyssand spelte dei mykje Beatles-, Shadows- og rockabilly-musikk. Om onsdagane spelte me til dans i det gamle bygget ved Lundefossen. Det var ein populær plass, men eg veit ikkje om me hadde lov til å spela. I alle høve minnast eg at me stadig vokta oss for om lensmannen skulle koma innom.
Amerikansk inspirasjon
På midten av 1960-talet flytta familien til Øyvind til USA, nærare bestemt Redwood City i California. I lag med sine tre søsken fekk Øyvind fem år i lukkelandet, uniten.
- Det er jo litt dette eg tenkjer på i dag, når ein snakkar om lukkejegrar som migrerar til Noreg. Det var jo på mange måter det me også gjorde. Drog ned for å betra økonomien og deretter dra heim att igjen.
Dei fem åra i USA kom som resultat av faren, Jacob, sitt venskap med Sverre Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sverre hadde drege til denne plassen Redwood alt tidleg på 1950-talet. Då han var heimom og kom med lovord om plassen, er det klart at det var mange som lét seg freista, seier Øyvind.
Far hans etablerte etter kvart sitt eige tømrar-firma. Med tida vart han spesialist på kjøken-innreiing, noko han heldt fram med då dei vendte tilbake til Os.
- Kjøkeninnreiingsfirmaet «Faginnredning AS» i Rolvsvågen er "etterkomar" av fars «Hægland interiør», legg Øyvind til.
Han meiner tida i California har prega han mykje som person.
- Eg var der frå eg var 12 til eg var nesten 18. Det var ei spesiell tid. Fint, stabilt klima: "By government test best climate" stod det på skiltet ved innkøyringa til Redwood. Eg spelte i band, dreiv med idrett, fekk mange gode vener og opplevde sterkt samhold blant fleire familiar i Os-kolonien i Redwood. Vi var som ein stor familie der. Dessutan vart eg veldig inspirert av det gryande hippie-miljøet i området rundt San Fransisco, rootsmusikken og det som etter kvart vart progrock, fortel han. Å veksa opp i eit land med så store indre og ytre konfliktar gjorde han meir samfunnsengasjert. Spesielt drapa på Martin Luther King, Robert Kennedy, opptrapping av Vietnam krigen og dei store rase-konfliktene sette sine spor i ein ung guts sinn.
Lundes forteneste
Band og artistar som The Beatles, Neil Young, Byrds, Creedence Clearwater Revival påverka unge Hægland stort. Men vel tilbake i Os stagnerte ungguten som musikar.
- Då hadde eg meir enn nok med å koma meg inn igjen i det å vera elev ved Os gymnas og finna meg til rette. Faktisk tok det mange år før eg fann tilbake til gleda ved å spela og laga musikk.
Gjennombrotet kom som tidlegare nemnd ved hjelp av Ole Amund Gjersvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utan Ole Amund hadde eg aldri fått laga «We're in this Together». Han var like viktig den gongen, som ein annan osing, Magne Lunde, var det no nyleg.
For det var nemleg den kjente Os-trommisen, som redda materialet, som Øyvind gjev ut i desse dagar.
- Magne ringde meg og gjorde meg merksam på at Trygve Thue skulle flytta og at han truleg kom til å kvitta seg med ein del eldre studio-utstyr. Heldigvis klarte me å redda unna dataen som musikken min var på. Eitt av opptaka er faktisk hovudkompet til den nye singelen min «He can make it go away». Denne vart gjort ferdig av produsent Robert Birkeland.
- Når du no har tid og overskot, blir det meir musikk framover?
- Ja, først kjem eg med ein EP litt over nyttår. Har også liggjande noko låtmateriale og snuttar. Det hadde vore veldig kjekt å laga ein heil CD att.
- Får me sjansen til å sjå deg på scenen i Os?
- Eg har stor respekt for musikarar og reknar meg meir som låtskrivar. Nei, ein kar som meg gjer seg kanskje best i studio, ler 64-åringen.
Øyvind Hæglands siste låt kan du høyra her:«He can make it go away»