Tysdag fekk AFO-elevane i Osbadet testa badeleikane som skal nyttast under kveldsbadinga fredag. Jon Sivert Rykkel konstaterer at badeleikane fall i smak.
Tysdag fekk AFO-elevane i Osbadet testa badeleikane som skal nyttast under kveldsbadinga fredag. Jon Sivert Rykkel konstaterer at badeleikane fall i smak.

Moro med badeleiker for store

Ein fuktig kveld kan vera så mangt, også eit kveldsbad i Osbadet.

Midt i den verste julebord-tida inviterer Osbadet til ein alternativ fuktig kveld i sine lokale på Kuventræ. Kveldsbadinga er nok i første rekkje mynta på born og ungdom, men også andre leikeglade badarar er velkomne til å hiva seg med.

- Me ser at det stundom er behov for fleire aktivitetstilbod i bygda. Kveldsbadinga er vårt forsøk på få ungdomen opp av sofaen og ut i aktivitet, sosialt samvær, seier prosjektleiar for aktivitetar i Osbadet, Jon Sivert Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sklie-konkurranse

Kveldsbading i Osbadet er også prøvd ut ved tidlegare høve, men berre nokre få gonger.

- Vegard Borgen og eit par andre arrangerte nokre badekveldar for fem-seks år sidan. Men det vart aldri skikkeleg følgd opp. No håpar me å gjera det til fast tilbod nokre gonger i året, seier Rykkel.

Han fortel vidare at dei har fleire vassleikar som skal ut i bassenget under kveldsbadinga. Mellom anna ei oppblåsbar pølse som ein kan testa balansen på, og nokre store ballar som ein kan bruka som hamster-hjul på vatnet.

Mie var blant dei som fleire gonger klarte å springa over heile badepølsa.
Mie var blant dei som fleire gonger klarte å springa over heile badepølsa.
Ekstra stas var det å bli innelukka i dei gedigne badeballane.
Ekstra stas var det å bli innelukka i dei gedigne badeballane.

- I tillegg tek me ein konkurranse i sklia og kårar kveldens kjappaste, legg Rykkel til.

Tysdag fekk elevane ved AFO (aktivitets fritidsordninga) sjansen til å testa ut leikane. Skal me døma etter entusiasmen blant dei, vil leikane truleg slå an hos den litt eldre garde også.