Monsterbrua vil gå i Øyane

Er det berre ordførar Terje Søviknes (Frp) og samferdselspolitikar Gustav Bahus (Frp) som vil ha monsterbrua, spør Glenn Erik Haugland (V).

LESARBREV: I fire år har vi venta på dette. Ikkje berre vi her i Os, men heile Hordaland har venta på svar om skjergarden i Os vil bli rasert av ei gigantisk firefelts bru over Bjørnafjorden. Sjølv om Statens Vegvesen og andre legg eit tjukt lag med havtåke rundt planane, finst svaret langt inne i papirbunken. Uheldigvis.

Statens Vegvesen har lagt fram ein statleg kommunedelplan som no skal på høyring. Konfliktnivået var for høgt til at regjeringa tok sjansen på ein vanleg demokratisk prosess med vedtak i kommunestyret. Det ugjennomtenkte valet av trasé over Bjørnafjorden og det demokratiske underskuddet gjennom heile prosessen, har ført til at vegprosjektet er blitt mektig upopulært. Er det berre ordførar Terje Søviknes (Frp) og samferdselspolitikar Gustav Bahus (Frp) som vil ha monsterbrua?

Artikkelen held fram under annonsen.

Mildt sagt kritikkverdig

No er det lagt fram ein plan som skal gi svar på det alle lurer på: Vil brua gå i Øyane? Vil det bli mykje støy frå vegen? Kva med anleggstrafikken? Kor skal det byggast brutale anleggsvegar og kor lenge blir tettbygde Os plaga av den? Kva vil skje med det verdifulle naturområdet Ulvenvatnet som vil få 6-felt med veg? Kva med dei tusenvis på Kuven, Moberg og i Varåsen som vil bli råka av støy frå kvinande tungtrafikk?

Vegvesenet har lagt fram ein statleg kommunedelplan. Det finst klare krav til kva ein slik plan skal innehalda: «Overordnede prinsipp for den framtidige vegutbyggingen: Valg av endelig trasé, plasseringer av kryss, vegstandard, bruk og vern av areal nær vegen og byggegrenser er sentrale avklaringar i ein kommunedelplan.»

Ved framlegginga av planen har det kome fram at planen ikkje har tatt endeleg stilling til ilandføring av bru over Bjørnafjorden. Men også spørsmål kring støy og anleggstrafikk i store delar av Os er uavklart. Det er mildt sagt kritikkverdig at Vegdirektoratet har brukt ter år med planlegging og millionar av kroner på å ikkje gi eit avklart svar.

Misbruk av skattepengane

Å ikkje gi svar på det folk har krav på å vita, er heilt enkelt misbruk av skattepengane.

Kan henda at dei som vil ha gigantvegen ynskjer at det skal vera uklart om desse stidsspørsmåla? Kan henda at regjeringa no pressar fram eit positivt vedtak på kommunedelplanen for seinare å kome med dei dårlege nyhende? Om ein har sagt ja til planen, så må ein tola alt negativt som følgjer med?

Ved å gå djupare inn i dei rapportane som no ligg føre, kan ein lesa at ting ikkje er så uklart som Søviknes og co. freistar å få det til å sjå ut som. I rapporten om «Maritimt naturmangfald» er det tydeleg at Vegvesenet planlegg at ei bru over Bjørnafjorden vil gå inn i Øyane. Det er dette sjøområdet rapporten har kartlagt, ikkje t.d. Røtingaflua (sjå illustrasjon frå rapporten).

Ingenting å frykta

På spørsmål om kva slags støytiltak ein ser for seg for å hindra at vogntog i 110 km/t ikkje øydelegg nattesøvnen til folk, forsikra Vegvesenet dei som var tilstades på folkemøtet i Oseana (8.12) at vi har ingenting å frykta. Dette rimar dårleg med uttale frå både Samferdselminister Kjetil Solvik-Olsen, Statsministeren og Vegvesenet sjølv.

Då det i vår blei kjent at monsterbrua gjekk på ein kostnadssprekk, peika desse på at ein vil gå ned på standarden for å redusere kostnader. Vegvesenet har allereie lagt til grunn ei "minimalisering av tiltak i forhold til regelverk om støy, luft og naturmangfold".

Artikkelen held fram under annonsen.

På NHO sin innspillskonferanse i april sa samferdselsministeren dette om det å redusere støy (Bergens Tidende 7. april 2016): «Solvik-Olsen forteller at det koster 100 millioner å bygge et planfritt kryss, rundt regnet. Også støyskjerming og tiltak for dyreliv og natur koster veldig mye. - På E18 i Vestfold gikk det en halv milliard kroner bare til støyskjerming. Og så har man viltoverganger og alt annet. Vi må spørre oss om alt dette er helt nødvendig, sa statsråden i innlegget sitt.»

Aldri meir ei stille stund

Den planen som no ligg føre er så mangelfull og uklar at Os Venstre i sitt budsjettframlegg foreslår at kommunen tingar sin eigen uhilda rapport for å klarleggja konsekvensane for Os med tanke på natur, miljø, bumiljø og støy.

Nokon må våga å seia det Vegvesenet, regjeringa og den politiske eliten i Os ikkje vågar å fortelje osingane: Ferjefri E39 gjennom Os vil gjera store inngrep i kommunen. Det vil bli mange år med anleggstrafikk med mykje støy og dumping av enorme steinmassar i skjergarden. Det vil aldri meir bli ei stille stund langs Bjørnafjorden frå Bjørnen til Strøno. Kuventræ, Moberg, Kuven og Varåsen vil bli Bergenshalvøya sitt svar på Bronx og ingen kan rekna med støytiltak som kan bøta på det. Sist, men ikkje minst: Monsterbrua vil gå i Øyane.

Glenn Erik Haugland

Kommunstyrepresentant

Os Venstre