Menneskeverd, omsorg og ein verdig alderdom
Valgkampen i Fusa har skulestrukturen fått for mykje fokus. Vel så viktig er helse og omsorg for dei som treng det, skriv Bjarte Samnøy.
Menneskeverdet må få sterkare fokus meinar Fusa KrF. Me ønskjer å leggja til rette for at alle skal ha ein verdig alderdom, ein skal væra trygg for at når helsa sviktar er det hjelp å få. Det er svært viktig å styrkja nivået på tenestene for heimesjukepleie og heimehjelp, slik at ein kan få bu heime så lenge ein ønskjer det.
Når ein set fokus på effektivitet, gløymer ein lett at det dreier seg om omsorg. Det er vanskeleg å gi når ein blir driven for mykje av klokka. Med slik drift står ein i fare for at det lett kan bli stor slitasje og fare for utbrenthet hos pleiarane og utryggheit hos brukarane. Dette er ingen god situasjon å vera i. For mykje økonomisk sparing kan fort bli dyrt og dårleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er også viktig å styrkja tilbodet til avlastingordningane til familiar med store omsorgsoppgåver i heimen, det gjeld både born, unge vaksne og eldre. Ein må styrkja tenesta "Kreft, omsorg og lindrande behandling".
Fusa KrF vil bidra til omsorg og aktiv livshjelp for dei som kjempar med livets slutt. Dette er nokre av dei mange oppgåvene som KrF vil jobba for å styrkja. Om du er einig så stem KrF.
Godt val!
Bjarte Samnøy
Ordførarkandidat
KrF Fusa