- Leon (hunden) er den beste seljaren vår, seier brørne Arild (t. v.) og Tommy Sælen og ler. I år er det 35 år sidan møbelforretninga på Ytre Sælen vart opna.
- Leon (hunden) er den beste seljaren vår, seier brørne Arild (t. v.) og Tommy Sælen og ler. I år er det 35 år sidan møbelforretninga på Ytre Sælen vart opna.

Med møbel som medfødt gen

Brørne Tommy og Arild Sælen er over middels interesserte i møblar. Det er eit medfødt gen. Dei to var ikkje begynt på skulen ein gong då møbelkarrieren starta.

Bestefaren Kåre A. Sælen, som hadde arbeidd som møbeltapetserar sidan han var 15, trengte hjelp i verkstaden.

- Vi laga knappar. 10 øre knappen fekk vi, fortel Arild.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre år seinare, i 10-11-årsalderen, var brørne med då familieverksemda Sælen Møbler AS, fekk i oppgåve å trekka om stolane i auditoria på NHH. Det rosa og blå møblementet som var å finna på ferjene Ullensvang og Stord, står også Sælen-familien bak.

- Vi har gått inn og ut av verkstaden til bestefar sidan vi var små. Eg hugsar godt då stolane på Halhjems-ferjene skulle ha nye trekk. Skummet som var inne i stolane var gått fullstendig i oppløysing. Det var pulverisert. Vi måtte stå ute og skjera opp trekka. Støvet la seg overalt, fortel Tommy.

Kva finst under panseret?

På slutten av 1960-talet starta far deira, Frank Arild Sælen, med sal av møblar. I 1981 opna møbelforretninga på Ytre Sælen, og sju år seinare utvida familien storleiken på butikken.

Brørne er ekstremt opptekne av kvalitet. Fargeval og stofftype er berre nokre av vala kundane deira må ta stilling til når dei vitjar butikken.
Brørne er ekstremt opptekne av kvalitet. Fargeval og stofftype er berre nokre av vala kundane deira må ta stilling til når dei vitjar butikken.
Då Arild Sælen var 5 år hjelpte han bestefaren med å laga knappar. Maskina som står i verkstaden, er framleis i bruk. - Vi sel ikkje berre møblar, vi fiksar dei også, fortel han.
Då Arild Sælen var 5 år hjelpte han bestefaren med å laga knappar. Maskina som står i verkstaden, er framleis i bruk. - Vi sel ikkje berre møblar, vi fiksar dei også, fortel han.
Den gamle nåleputa har etter all sannsynlegheit vore i bruk heilt sidan møbelverkstaden såg dagens lys.
Den gamle nåleputa har etter all sannsynlegheit vore i bruk heilt sidan møbelverkstaden såg dagens lys.
Den gamle symaskina har gjeve nytt liv til mangt eit møbel.
Den gamle symaskina har gjeve nytt liv til mangt eit møbel.
I andre etasje i butikken finn ein heilt nymotens møblar. Eksemplara som brørne har slått seg ned i, kom inn for nokre dagar sidan.
I andre etasje i butikken finn ein heilt nymotens møblar. Eksemplara som brørne har slått seg ned i, kom inn for nokre dagar sidan.
Butikken som rommar 2.500 kvadratmeter med møblar var 35 år i september.
Butikken som rommar 2.500 kvadratmeter med møblar var 35 år i september.

- Bestefar min var veldig kritisk til å selja møblar i starten, fortel Arild.

I dag har familien 2.500 kvadratmeter med møblar, samt to lager på til saman 750 kvadrat.

- Vi har 1.000 kvadratmeter per tilsett, seier Arild.

Dei siste åra har det hovudsakleg vore han og broren som har styrt skuta. Far deira hjelper til i butikken enno, men held seg meir og meir i bakgrunnen.

At brørne skulle halda fram arbeidet, som tredje generasjon møbeltapetserarar, har lege i korta lenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har arbeidd i verksemda i 25 år. Eg kan ikkje noko anna, seier Tommy.

- Og så er vi jo veldig glad i det vi driv med, legg Arild til.

Familieverksemda Sælen Møbler AS har heilt sidan starten på 1960-talet selt utanlandske møblar frå Tyskland, Italia, Polen, Belgia og Asia. Nokre norske møblar finst det også.

Målet deira er ikkje å verta størst i klassen. Filosofien er: Best mogleg produkt, til best mogleg pris.

- Det viktigaste er at kundane er nøgde, seier Arild.

- Unge i dag kjøper først og fremst møblar med augo. Skal ein kjøpe bil, spør alle kva som finst under panseret. Slik er det ikkje med møblar, seier Tommy.

- Det har vore ei drastisk endring i norsk møbelindustri dei siste åra. Det er trist, men ein legg litt opp til det sjølv når alt skal vera så billig. Resultatet er at ein knekkjer nakken på dei norske fabrikkane, legg han til.

Trufaste kundar

På Ytre Sælen finn ein Chesterfield-salongar og massive spisestovemøblar i eik, men også moderne modulsofaer med innebygde ladestasjonar og motorar til å heva og senka både over- og underkroppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har nok det største utvalet i Noreg når det gjeld modulsofaer i alle moglege stilar. I staden for ti ulike modular til dei ulike modellane, har vi opp i mot 100, fortel Arild.

Sælen Møbler lever godt på ryktet. Jungeltelegrafen har òg vore til god hjelp for møbelentusiastane.

- Mange kjem langvegsfrå. Åsane, Sotra og Lofoten til dømes. Den siste tida har vi også sendt ein del møblar til Austlandet, fortel brørne.

Mange av kundane har handla hjå Sælen før. Dei fortel gjerne at dei har hatt den same sofaen i 24 år, og at han framleis er like fin.

- Og så har du dei som nesten er litt "forbanna" av di sofaen er så god at dei aldri vert kvitt han, seier Arild og ler.

Service og fornuft

Brørne Sælen har trua på at det alltid vil finnast kundar som ønskjer å kjøpa kvalitetsmøblar. Difor er dei ikkje så opptekne av å selja mest mogleg heller.

Med 2,5 tilsette er det dessutan enklare å halda kostnadsnivået nede.

- Vi har ikkje eit hovudkontor i Oslo med eit titals sjefar som skal lønast. Minuset er at vi ikkje har dei same marknadskreftene i ryggen som andre aktørar, seier Arild og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Målet vårt er å driva fornuftig. Vi skal halda kostnadene nede samstundes som vi gjev kundane våre god service og følgja dei opp på ein skikkeleg måte.