Med friidrettstakter i friminuttet
Det nye friidrettsanlegget på Søfteland skule har fått elevane i løpsmodus. Måndag er det friidrettstrening.Kenneth Svenningsen
Dei er mange, og dei spring om kapp både på langs og tvers av det flotte tartan-dekket på barneskulen på Søfteland. Den såkalla Friplassen ser ut til å vera ein svært så populær plass å nytta friminuttane på. Og komande måndag er det klart for den historiske første friidrettstreningen på anlegget.
Lettare å rekruttera
«Os og Fusaposten» har avtalt møte med STIL-eldsjela, Erling Andersen, på anlegget. Andersen lét ikkje høvet går frå seg til å hanka inn nye medlemer til friidrettsgruppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva klasse går de i då? spør Erling Andersen borna som har samla seg rundt oss onsdag føremiddag.
- Me går i 3. klasse, seier størsteparten av gjengen.
- Hm. Då er de eigentleg for unge. Til no har me berre hatt parti for elevar frå 4. klasse og oppover, seier Andersen.
- Ååå, me vil også byrja med friidrett, sukkar tredjeklassingane.
- Ja, det er dritmoro å springa, stemmer andre i.
- Ok, me får sjå kva me får til. Dersom me får litt meir trenarkapasitet inn i friidrettsgruppa, så startar me gjerne parti også for dei ned mot 1. klasse. Me skal sjå kva me får til. Kanskje kan det bli ei ordning med det alt no i haust, seier Andersen, og får jubel frå dei nyfrelste friidrettsborna.
Fantastisk anlegg
- Dette anlegget blir eit fantastisk tilskot for heile bygda. For oss som har drive med kappgang og friidrett i mange år, vert det utruleg mykje lettare å rekruttera born og unge. Her har dei rett og slett lyst til å vera, seier den gamle STIL-kappgjengaren.
Framleis manglar sanden i høgdegropa og i den nye og opprusta sandvolleyballbanen, men elles er det mykje som er klart til bruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette anlegget rommar no ein 140 meters løpebane, inkludert 60 m-felt på sida. Elles er det teikna inn for badmintonbane og bandybane. I tillegg er det kastefelt for kule, fortel Andersen.
Når Friplassen er heilt ferdig lyd rekninga på vel 4 millioner kroner. Halvparten får Søfteland TIL dekt av ein gavmild privatperson. Resten dekkjer dei inn med spelemidlar og hjelp frå Os kommune.
- Me får mykje for pengane. Dette vil alle i Søfteland nyta godt av. Vaksne kan sjølvsagt også koma her og trena, seier Andersen.
Offisiell opning
Idrettslaget lèt sjølvsagt ikkje høvet går frå seg til å feira at dei har fått eit så flott anlegg. Men ettersom det framleis står litt arbeid att, vert den offisielle opninga først litt seinare i haust.
- Eg snakka nett med leiaren i hovudlaget, Kato Nordland. Han sa at den offisielle opninga truleg vert ein av dei to siste laurdagane i oktober.