Marknadsdagane i gang
Gravearbeidet på Osøyro var ferdig i grevens tid. Torsdag morgon var utstillarane på plass. Få timar seinare var årets marknadsdagar i gang.
Torsdag føremiddag var dei fleste utstillarane alt travelt opptekne.
Keramikar Linda Lid kjem frå Strandebarm. Ho deltek på marknadsdagane for første gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg gler meg til å treffa alle dei kjekke osingane, seier Lid medan ho held på å dreia ein vase.
Keramikaren håper at mange stoggar ved standen hennar og tek seg tid til ein prat. Ho ivrar etter å fortelja om den spesielle produksjonsmetoden sin.
- Det er ingen andre på Vestlandet som fyrer på same måte som meg. Eg har bygd ein heilt spesiell omn der tinga mine brenn i tre døger, fortel ho.
Førre helg deltok Lid på ei messe i Røldal. Då fekk ho premie for beste stand.
Erfaren pølsemakar
Kåre Haugland har arbeidd med kjøt i meir enn 50 år. Verksemda hans, Norges Mat, har base i Nordfjordeid. Haugland lagar om lag 15 typar spekepølse.
- Kva er den mest populære pølsa?
- Raudvinspølse, slår pøsemakaren fast.
Haugland har delteke på marknadsdagane på Osøyro fleire gongar tidlegare, men ikkje i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg bestemte meg for å koma attende i år, seier han.
I tillegg til pølser, lager Haugland skinke, fenalår og andre sesongvarer. Haugland svergar til "gamlemåten" med mindre salt og lang mogningstid.
- Det tek lengre tid, men smaken vert betre, seier han.
Nytt dekke
Inntil for få dagar sidan stod Osøyro på hovudet i gravearbeid. Det var gravemaskinar, gjerde og svære hol i bakken. Onsdag ettermiddag var hola tetta, den svarte løparen kunne rullast ut, og utstillarane kunne gjera sitt inntog.
Marknadsdagane varar til laurdag ettermiddag, og vert arrangerte av Os sentrumsforening.