Luciafeiring i barnehagen på Søre Fusa
Barnehagen på Søre Fusa inviterte tysdag familie, slekt og vener på Luciafeiring i gapahuken på Baldersheim.
Klokka er 7.45 tysdag morgon og ute er det mørkt. Det er spent stemning i garderoben i barnehagen. Gjestene ventar spent oppe i skogen i gapahuken, medan born og vaksne i barnehagen gjer seg klar til Luciatog.
Kvitskjortene er på og alle har kvart sitt lys i handa. Luciadronninga og hjelparen hennar går først i toget. Den eine med lys på hovudet og den andre med korg med diverse utstyr. Gjennom nattemørket kan me høyra; Svart senker natten seg, i stall og stue...
Artikkelen held fram under annonsen.
Vel framme i skogen er gapahuken pynta med lys og alle borna stiller seg opp i kor. Luciakoret opptrer med to songar og ei regle og får stor applaus frå publikum.
Anne-Margrete Aas Malkenes
Styrar