Liv og røre på Leiro
Andletsmåling, veramønstring, kortreist mat og dans er berre noko av det som finn stad i og rundt Fjord'n senter i Eikelandsosen laurdag.
Då går nemleg Markens Grøde, samt Fritidsmønstringa 2016 av stabelen på Leiro.
- Det vert mykje liv og røre. I senteret finn ein mellom anna stands med kortreist mat som til dømes egg, poteter, eple, honning, spekepølser og lefser. I tillegg vert det veramønstring, utstilling av kalvar, sal av råmjølkslappar, andletsmåling og danseoppvising med Fusa Soul Children, opplyser senterleiar Vigdis Øvreeide.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kunstutstilling med Maria Haukås, Kendama-oppvising, ein stand med temaet "frå sau til sokk" i regi av Fusa Husflidslag og utdelinga av midlar frå Sparebanken Vest er andre ting som står på programmet denne laurdagen.
Fokus på idrett
Årets fritidsmønstring har fokus på temaet idrett. Opninga står leiar i Fusa idrettsråd, Liv Nyheim Kilen, for. Lokale idrettslag stiller dessutan med stands.
- Det vert også små oppvisingar og demonstrasjonar av lokale utøvarar. Strandvik skyttarlag til dømes riggar til ein liten skytebane med laservåpen som alle kan få prøva. I tillegg arrangerer fotballmiljøet i kommunen ein miniturnering for 3-arlag på plenen mellom bygga på Leiro, opplyser Fusa kommune på nettsida si.
I samband med mønstringa vert det ope hus på Fusa vidaregåande skule. Dermed får dei som er interesserte høve til å ta idrettsfasilitetane til skulen nærare i augesyn.
I biblioteket inviterer ein til "bok og bolle" og internasjonal kafé. I samband med det sistnemnte arrangementet gjev Stig Blindheim frå Norges idrettsforbund nye fusingar høve til å verta betre kjent med den norske idrettsrørsla og idretten i Fusa.
I spissen for Fritidsmønstringa står Fusa kommune og Fusa frivilligsentral, i samarbeid med Fusa idrettsråd, Fusa vidaregåande skule og Fjord'n senter.