Lett krimprat i tung politibåt
Er politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i slekt med krimforfattar Jussi Adler-Olsen? Vi mønstra på politibåten for å få svar på våre spørsmål om krim og politikvardag.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmålet om eit eventuelt slektskap mellom tidlegare ro-helt og politimann i Os, Audun Hadler-Olsen (46), og hans danske (nesten) namnebror Juss Adler-Olsen har plaga den krim-interesserte journalisten i lengre tid.
- Sjølvsagt har eg lagt merke til namnelikskapen, seier Hadler-Olsen.
- Eg rusla gjennom avgangshallen på Gardermoen då eg brått såg ei bok med eit mistenkjeleg likt namn. Du kan godt seia at eg fekk meg ein støkk, ler han.
Tettare enn kona
Om dei er i slekt eller ikkje, røper vi ikkje enno. Men sikkert er det at Hadler-Olsen er krimentusiast. Det same er politibetjentane Kjetil Sæle og Christian Meyer. Tospannet som i snart fire månader har bemanna politibåten og patruljert Hordalands-kysten opp og ned og i mente.
- Er partnarskapet dykkar like tett som politipartnarar bruker å vera på film?
- Tja, det er vel i alle fall slik at vi snakkar mykje meir med kvarandre enn vi gjer med dei heime. Du sit jo aldri ti timar i strekk vendt mot kona di og småpratar. Det må isåfall ha vore før vi vart saman, ler politibetjent Meyer.
- Du kjem tett på den du køyrer patrulje med, men vi har ingen fast makker her i Os. Vi prøver ofte å setja nybyrjarar saman med meir erfarne personar. Andre gonger handlar det om å finna personar som eignar seg spesielt godt til akkurat det spesifikke oppdraget, seier Hadler-Olsen.
Sju millionar
Den 36 fot store politibåten ligg blytungt i vatnet. Dashbordet ser ut som eit middels platestudio. Det er skjermar, spakar og knappar over alt. Til ein pris på vel sju millionar kroner bør det vel vera såpass.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utstyret er så bra at vi kunne ha leita oss fram til målet utan å sjå noko som helst gjennom ruta, forklarer Sæle.
Men akkurat komfort har visst ikkje båtprodusenten tenkt på.
- Nei, vi har ei seng under her, men madrassa er hard som betong, sukkar Meyer.
- Dei har vel tenkt at vi skal gå heim og leggja oss etter endt vakt, legg Sæle til.
Journalisten prøver å få greie på kor mange hestekrefter motoren har. Men det vil ikkje karane seia noko om.
- Vi vil ikkje leggja opp til at nokon skal prøva å overgå oss. Det kan føra til farlege situasjonar, seier politbetjent Meyer. Korrupsjon
Opp av journalistens handlepose kjem iskald cola på boks, pringles og sjokolade. Ein bør trass alt stille med sikringskost når ein får vera med på tur.
Meyer og Sæle takkar høfleg nei. Dei nippar heller til kvar sine pappkrus med kaffi.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Apropos kaffi, kunne vi ha gått i land på hytta til Herman Friele og rekvirert ein kopp?
- Ja, om han inviterte oss inn, ville det vera greit, humrar Meyer.
- Vi er forsiktige med å ta imot gåver, men ein kopp kaffi hadde vel vore greitt, seier han.
- Det er alltid ein korrupt politimann i TV-seriane. Er det mange i det verkelege liv?
- Nei, heldigvis ikkje, seier Hadler-Olsen.
- Eg har i alle fall aldri vore bort i det. Politiet i Noreg er nok forskåna frå det meste av korrupsjon, seier han.
Derrick
I det vi passerer under Lepsøybrua byrjar vi gjennomgangen av medbrakt TV-krim og kriminalromanar.
- «Derrick», ja, det såg jo alle på i gamle dagar, ler Meyer.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Wallander og Jo Nesbø sine er også skikkeleg bra, seier Hadler-Olsen og får gehør hos dei to andre.
- Kjenner de dykk att i det politi-universet som blir beskrive?
- Nei, det er ingenting som liknar, seier Sæle og ristar på hovudet.
- Har du for eksempel sett nokon skriva rapportar i ein TV-serie nokon gong? spør Hadler-Olsen retorisk.
- I TV-seriane ser det også ut som om politiet kan overvaka kvart steg den mistenkte tek ved hjelp av satelittar og elektronisk dataovervaking. Slik er det jo ikkje, sukkar Meyer.
Preventivt
- Men det finst jo ein del som trur at vi faktisk driv etterforsking på den måten, og difor held seg på matta. I så måte verkar det jo preventivt, smiler Hadler-Olsen.
- Greier de å la dykk underhalda når de veit kor mange feil som finst i desse seriane?
- Åja, det går fint, ler Sæle.
Artikkelen held fram under annonsen.
- «Mission Impossible» er vel ikkje heilt realistisk, men den er ganske bra laga for det, ler han.
OL 1988
Audun Hadler-Olsen knaskar pringles og drikk cola rett frå boksen. 46-åringen ser ut til å trivest ganske godt som passasjer i politibåten.
- Du er jo ein gamal roar. Kva kan du bidra med om vi får motorstopp?
- Uff, denne er nok litt for tung til å ro, ler OL-deltakaren frå 1988.
- Men det er stas å vera med på tur, legg han til.
Born som agn
Meyer og Sæle er godt vane med at familiefedre bruker borna som agn for sjølve å koma om bord.
- Fyrst kjem borna og spør om dei kan få kika inn. Når dei har kome om bord, spør vi gjerne far om han også vil koma. Det er ingen som har sagt nei så langt, ler Meyer.
Jens Stoltenberg
- Får dykkar eigne born vera med på tur?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har til og med hatt mine med på jobb, smiler Meyer.
Han fortel at han vart kalla ut på hasteoppdrag ein gong han var åleine med ungane.
- Eg sa som sant var at eg ikkje hadde barnevakt og fekk beskjed om å ta dei med. Det viste seg at det var statsminister Jens Stoltenberg vi skulle frakta. Det var stas for ungane, ler han og ser på klokka.
Det er ein halvtime til vaktskifte. På tide å setje osingane i land og kome seg attende til Bergen sentrum. Ein tur som vert gjort unna på om lag 20 minutt.
Turen tilbake til Os går i 60 knops fart.
Journalisten roper på meir fart. Meyer ler og slår på sirena i eit halvt sekund.
- Stod Stoltenberg bak dykk og ropte "Mere fart, gutter"?
- Hehe, han syntest i alle fall det var kjekt, seier Meyer diplomatisk.
I slekt?
Politioverbetjent, eller rettare sagt konstituert lensmann, Audun Hadler-Olsen, og underteikna takkar for turen og går i land.
Er han så i slekt med Jussi Adler-Olsen?
Nei, ikkje i det heile tatt. Men journalisten sneik seg til ein fin tur.
Auduns fem beste krimbøker