Landbruk er ei viktig næring

I Fusa har landbruksnæringa alltid vore og er framleis viktig. Næringa er viktig både fordi den skaper betydelege verdiar og fordi ho skaper sysselsetjing for mange.

Magne Djuvik

Ordførarkandidat Frp

Artikkelen held fram under annonsen.

Som andre næringar treng landbruket føreseielege rammevilkår. Det har dei siste åra vore mykje negativ fokus kring næringa. Landbrukspolitikken vert i hovudsak fastsett av regjering og Storting. Eg er så heldig at eg er valt inn i ei referansegruppe for landbruk som Frp si Stortingsgruppe har oppnemnt. Eg vil sjølvsagt bruka det vervet til å påverka landbrukspolitikken i positiv lei.

Kommunen kan og bør bidra til at me får tilbake optimismen i denne viktige næringa. Frp har i sitt program for komande periode bestemt at: Det er viktig å ta vare på det jordbruksarealet me har.

Partiet er imot å punktera samanhengande jordbruksområde. Skal det å ta vare på dyrka jord ha noko meining, er det viktig at den vert stelt og vedlikehalde. Frp har difor programfesta at partiet vil innføra eit tilskot på kr 1000, per dekar til grøfting.

Det er med landbruksnæringa som andre næringar; skal ho ha noko framtid, må me få ungdom til å tru på og satsa på næringa. Frp har difor programfesta at Fusa kommune skal betala den første driftsplanen til unge som tek over eit gardsbruk og vil satsa på ei framtid i landbruket.

Det er trist å sjå at gardsbruk går ut av drift og jordbruksareal gror til. For meg er det viktig å kunna bidra til at optimismen, framtidstrua og investeringslysta kjem tilbake i denne viktige næringa.