Kvifor røysta på Miljøpartiet Dei Grøne

Det er mange gode grunnar for å røysta på Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). MDG går til val på eit politisk program for ei ny, berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling. Vårt fokus er på livskvalitet framfor stadig aukande forbruk, skriv Nils-Anders Nøttseter.

Vi har som overordna mål eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien må underordnast sunne økologiske prinsipp og fremja livskvalitet, fred og rettferd, både lokalt og globalt. MDG sin politikk tek omsyn til notid og framtid og er basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp; Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur.

Samspel med naturen

Menneska er ikkje heva over naturen, men er ein del av den. Vi er avhengige av at vi lever i eit berekraftig samspel med naturen rundt oss. Øydelegg vi naturen, øydelegg vi grunnlaget for eigen eksistens. Dette er mest tydeleg når det gjeld klimaendringane. Greier ikkje dagens generasjon av vaksne å stogga klimagassutsleppa, peikar utviklinga mot ei global oppvarming på rundt 4 grader i vårt hundreår. Borna våre vil då lite kunne gjera for å hindra klimaskader som forskarane lenge har fortalt oss vil bli svært alvorlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne tek denne trusselen på alvor. Vi legg difor opp til ein politikk som vil gjera livet lettare for borna våre, sjølv om det kan kosta litt no. MDG i Os går til val på eit politisk program som peikar ut ei ny, økologisk berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling for Os. Vårt fokus er på livskvalitet framfor stadig aukande forbruk. Dette gjer vi i trygg forvissing om at for dei aller fleste veg omsyn til borna sine liv og levekår tyngre enn krav om aukande luksusforbruk for oss sjølve.

Ein tydeleg klimapolitikk

MDG legg opp til ein politikk som klarare enn andre parti tek omsyn til kva som må til for å hindra ei farleg klimautvikling. Vi veit at det meste av kol, olje og gass bli liggjande urørt. Dette gjeld ikkje minst for eit rikt land som Noreg. Om ikkje vi, kven skal då kunna gjennomføra ein slik politikk? Dette betyr at oljenæringa må fasast ut. Dette er alt starta. Grunnen er ikkje at regjeringa tek omsyn til klima, men at norsk oljenæring ikkje greier seg i konkurransen når prisane er låge.

Klimaomsyn gjer at denne nedtrappinga må halda fram. Fleire oljearbeidarar vil bli arbeidslause. Men om Staten satsar slik vi vil, er det fullt mogeleg å skapa nye arbeidsplassar i fornybarsektoren til erstatning for dei som fell bort.

Grøne jobbar i Os

Ei aukande arbeidsløyse mellom oljearbeidarar og i leverandørindustrien kan merkast også for mange som bur i Os. Dei grøne vil satsa på å leggja til rette for berekraftige og miljøvenlege arbeidsplassar i nærmiljøet. Kommunen må aktivt bidra til at levebrødet framover kjem frå jobbar i fornybarsektoren. Tanken om ein "grøn frabrikk" i Lidl-lager som var lansert i Os og Fusaposten sist onsdag, ynskjer vi difor velkomen. Korleis dette elles kan skje, har vi i større detalj skrive om i eit innlegg i Os og Fusaposten laurdag for ei veke sidan.

Staten må leggja til rette for eit grønt skifte, men tiltak på fylkes- og kommunenivå blir avgjerande for om vi vil nå klimamåla eller ikkje. Dette er ein viktig grunn til at Miljøpartiet Dei Grøne bør bli godt representert både i kommunestyrer og fylkesting landet rundt. I Os vil vi sørgja for at kommunen ikkje gløymer kor naudsynt det er å være ein aktiv pådrivar for å skape er ny klimavenleg verksemd.

Nei til bru! Ja til miljøvenleg transport

Ei firefelts bru over Bjørnafjorden er berekna å gje 5 dobling av trafikken. Dette vil gje aukande klimagassutslepp og gjera uboteleg skade på natur og eigedommar der vegen er planlagt. Prosjektet liknar meir og meir på eit luftslott planlagt av teknologifantastar som heng fast i gamal tenking om utvikling. Det er godt å sjå at stadig fleire ser at dette prosjektet som vil ta oss baklengs inn i framtida, må stoggast!

Sjølv utan bru over fjorden er transportsektoren er ei stor kjelde til klimagassutslepp i Os, særlig på grunn av dei mange som pendlar med bensin- eller dieselbil til arbeid utanfor kommunen. På den nye firefelts veg til Bergen må to av felta være kollektivfelt, trafikkert av nullutsleppsbussar og med ekspressruter som i rushtida med korte mellomrom på strekninga frå Halhjem til Bergen sentrum . Gong- og sykkelvegnettet i Os må forbetrast. I Os med relativt korte avstandar vil det då for mange gå greitt å bruka sykkel eller el-syklar frå heimen til næraste skule, butikk eller busshaldeplass.

Miljøvennlig utvikling av byggesektoren

Slik satsing gir stor klimagevinst og samstundes store innsparingar. Heile 40 % av Noreg sitt energiforbruk kjem frå produksjon og drift av bygg. Ved å fasa ut fossil energi og i staden satsa på energisparing og meir energieffektiv oppvarming i nye og eksisterande bygg, er det mange pengar å spara. Samtidig blir utsleppa redusert. Som byggherre kan kommunen stilla tydelege miljøkrav til entreprenørar og leverandørar. Tilsvarande krav bør stillast ved alle kommunalt innkjøp.

Artikkelen held fram under annonsen.

MDG vil arbeida for at kommunen vedtek ein oppdatert klima- og energiplan som eit overordna styringsdokument for all kommunal drift, planlegging og budsjettarbeid. Vi vil stimulera til miljøsertifisering for private verksemder kommune. Gjennom ei heilskapleg miljøplanlegging for ulike einingar i kommunen er det mykje å spara. Systematisk arbeid for en meir miljøvennleg drift vil mellom anna ha mykje å sei for å betra inneklima ved skulane i Os. Ved mange skular klagar både elevar og lærarar på dårlig inneklima, noko som går ut over både trivsel og læring.

Planlegging for levande lokalsamfunn

Vi arbeider for ei kommunal planlegging som både vil betra livskvaliteten og som samtidig får ned klimagassutsleppa. Dette er gunstig, også reint økonomisk. Arealplanlegging er særleg viktig. Det er feil å planleggja store byggefelt der det verken er skular, butikkar eller næringsliv.

Derfor er ei storstilt utbygging på Bjånes ei feilsatsing. For at det på nytt skal bli liv på Øyro må bustadbygging, næringslivsutvikling og vidare utvikling av handel heller skje i og nær sentrum. Rundt industriområdet Lyseparken må det leggjast til rette for bustader og utviding av skulen på Søfteland. Bustadutbygginga bør elles skje i krinsane der det alt no er skular og barnehagar og der det også må væra plass for lokale nærbutikkar.

Livskraftige lokalsamfunn må i høgre grad baserast på lokale ressursar. Vi ynskjer levande marknader med kortreist mat og lokale tenester, levedyktig landbruk og havbruk og fokus på framtidsretta løysingar.

Livskvalitet i alle fasar av livet

Vår politikk legg vekt på tiltak som fremjar livskvalitet og trivsel i alle fasar av livet. Eldre og sjuke har krav på god omsorg og må i det minste få god og nylaga mat. Mat pakka i plast, tilkøyrt to gonger i veka er ikkje eit akseptabelt tilbod!

Vi vil satsa på små grunnskular i nærmiljøa. Skulane representerer livsnerven i gode lokalsamfunn og er vesentlege for å skape trygge oppvekstvilkår gjennom ei samfunnsutvikling som fremjar både fysisk og psykisk helse.

Sluttord

Meir rikdom for oss som alt har det meste vi treng, gjev ikkje betre livskvalitet.

Livet til borna våre er meir verd enn større hus og hytter og hyppigare sydenturar for oss sjølve. Det finnest ingen planet B. Vi må skifta kurs. Det spelaringa rolle om kapteinen kan sigla når kursen er feil. Valet er difor viktig. Vi treng eit nytt mannskap som har vilje til eit grønt skifte. Vi lovar ikkje gull, men grøne skogar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stem for eit samfunn med betre livskvalitet!

Stem for ei tryggare framtid!

Stem grønt!

Nils-Anders Nøttseter

Leiar og 1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Os