Kutt investeringar i fossil energi!

Investeringar i oljeverksemd er økonomisk risikabelt og etisk problematisk. Os kommune bør difor som ein del andre kommunar alt har gjort, trekkja ut investeringar frå fossil sektor, meiner MDG.

LESARBREV: I alternativt budsjettframlegg for 2017 samarbeider MDG med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Tverrpolitisk samlingsliste. Her har me foreslått at Os kommune sine midlar i fond, aksjar og andre aktiva innan utgangen av 2017 skal trekkast ut frå investeringar i fossil sektor. Det er både økonomiske og etiske grunnar for dette.

Mange kuttar investeringar

Tanken om at investeringar i oljeindustrien er moralsk tvilsamt og økonomisk problematisk oppsto fyrst ved universitet i USA for rundt fem år sidan. Grunnen er at det er påvist langt meir kol, olje og gass enn den mengda som nokon gong kan brennast dersom klimaendringane skal kunna haldast under kontroll. Det er difor etisk forkasteleg og økonomisk uforsvarlig å bruka milliardar på å leita etter meir fossilt brennstoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne argumentasjonen er no blitt sentral og i stor grad akseptert i økonomiske vurderingar internasjonalt. Nyleg kom ei melding om at eigarar av investeringar verdt over 30.000.000.000.000 kroner no har forplikta seg til å selja aksjane sine i fossile brennstoff, ei dobling frå året før. Det er 688 institusjonar og meir enn 58.000 einskildpersonar frå over 76 land som no går inn for denne type sal. I tillegg til vår eige oljefond gjeld dette no fleire store globale investeringsfond.

Risiko for økonomiske tap

Hovudgrunnen er risikoen for ei såkalla «karbonboble». Investeringar i fossilindustrien vil etter kvart gå ned i verdi. Denne risikoen blir no teke på alvor verda rundt. Nyleg tok direktøren for sentralbanken i Storbritannia, Mark Carney, opp dette i ein tale om klimaendringar og finansiell stabilitet. Han var oppteken av korleis ein kan hindra «tragedien i horisonten», blant anna ved å trekkja investeringar ut av fossil industri. Elles kan desse enda som «stranded assets» - ulønsame og verdilause.

Kommunar og andre som er ansvarlege for slike investeringar må tak dette på alvor før det er for seint til å hindra store tap. Både Kommunal Landspensjonskasse og Storebrand bestemte i seg alt i 2014 å trekkja seg ut av kol og auka investeringar i fornybar energi. Eid kommune gjorde det same i 2014 og Oslo fylgde etter i 2015.

Krav til Os kommune

I finansreglementet for Os kommune står det at retningslinene omfattar mellom anna investeringane i Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet) sin aksje- og obligasjonsportefølje og at «i praksis inneber dette at Os kommune skal foreta regelmessig kontroll av dei underliggjande selskap i fondsinvesteringane, sett opp mot selskap som er ekskludert av SPU». Me vonar dette blir følgt opp.

Det er på tide at Os trekkjer ut investeringar frå fossil sektor. Blir ein mellom dei siste som sel seg ut av fossil energi, kan ein risikera store tap, noko ein kommune som Os med stor gjeld knapt vil tola.

Nils-Anders Nøttseter

Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne