Kunsten å profilera seg på miljø
For Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er ikkje klima- og miljøpolitikk einskilde satsingsområde. Dei er sjølve grunnlaget for heile vår politikk og tenking.
Det blæs ein grøn vind gjennom norsk politikk. Fossilparti som Høgre og Ap har teke til å tala varmt om miljøvern og tiltak. Parti som Venstre og SV, som har hatt ein sterk miljøprofil i mange tiår, har trappa opp retorikken for å visa seg fram som den beste i miljøklassa. Dette gler vi oss over i Miljøpartiet Dei Grøne. Men sjølv om miljøvern har vore ei politisk sak i førti år, har det knapt vore meir enn ei hjartesak for spesielt interesserte - eit sympatisk alibi. Det som dreier seg om klima og miljø er ikkje noko ein har råd til å pynta seg med, det dreier seg om livsvilkåra våre. Det nyttar ikkje å kjempe for å snu klimaendringane dersom miljøpolitikk berre er eitt av mange satsingsområde som det skal hestehandlast om.
Miljøpartia i Os
I stortingsvalkampen for berre to år sidan vart vi møtt med mistru då vi hevda at vi må starta avviklinga av oljesektoren. I dag ser vi at denne debatten tvinger seg fram både nasjonalt og lokalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi er svært glade for at andre parti ser ut til å ta dette på større alvor no enn nokon gong tidlegare. Tone Hepsøe frå Os Ap er ute og støttar ei satsing på fornybar energi i Lyseparken, og Os Venstre presenterer seg i årets valkamp som "Miljøpartiet i Os". Miljøpolitikk er på veg inn som eit sentralt politisk tema. Det er fordi partia og folk flest er i ferd med å innsjå at det no er komen ein seriøs, handlekraftig og framfor alt nytenkjande aktør som tydeleg frontar miljøpolitikk.
Miljøpartiet Dei Grøne presenterer eit skifte ingen av dei andre partia er villige til å satsa fullt ut på enno. Eit skifte som stadig fleire av veljarane ser som heilt naudsynt for verda - og menneska - si framtid.
Usminka nærvær
MDG tilbyr eit nytt, usminka og uredd perspektiv. Vi har lagt fram forventningar og satsingsforslag som ville ha vore utenkelege frå andre parti. Vårt blotte nærvær på Stortinget har fått Erna Solberg til å tala om klimaendringane som vår tids største utfordring. Vi førar an i det grøne skiftet - om enn førebels med museskritt - der andre parti kokar suppe på gamal retorikk. No melder Dagsavisen at MDG kjem på vippen i eit stort antall kommunar, og seinast 18. juni melde Poll of polls at dersom det var stortingsval i dag, ville MDG vore den store vinnaren, med eit hypotetisk fleirtal saman med AP.
MDG sitt nærvær på stortinget har hatt mykje å seia. Utan MDG hadde ikkje Stortinget vedteke å gå ut av kolindustrien. Vi hadde heller ikkje fått ei ny klimalov. Eit politisk landskap utan MDG hadde ikkje gjort klimasaka til den nest viktigaste saka i valet.
Med talerett i kommunestyret er det all grunn til å tru at MDG vil ha denne effekten også i lokalpolitikken. Allereie no ser vi tendensane til at fleire av dei andre partia vel å fokusera på klimasaka i starten av valkampen.
For oss er det utelukkande positivt at miljøpolitikk får så bra eksponering. Vi trur ikkje veljarane kjem til MDG fordi vi har dei beste enkeltsakane, men fordi vi har den beste heilskapen.
Den grøne heilskapen
Miljøpartiet Dei Grøne fossar fram på meiningsmålingane landet over, og kan hamna på vippen i fleire store byar. I «Os & Fusaposten» si meiningsmåling er vi inne med minst eitt mandat i kommunestyret. Fleire analyser viser at vi har eit tilsig av velgjarar frå alle parti. Det er stadig fleire frå alle sider av gamle politiske skillelinjer som ser at klima- og miljøpolitikk dreier seg om grunnleggjande vilkår. Det einaste partiet som har miljøpolitikk som denne overordna ramma i eit kvart politisk spørsmål, er Miljøpartiet Dei Grøne. Det er heilt utenkjeleg at MDG kjem til å forhandla bort miljøvernspørsmål i hestehandlar om makt eller symbolpolitikk. Det forstår veljarane, og det er difor dei vender seg til MDG.
Det er ikkje slik at MDG splittar opp veljarmassen til dei andre partia. Det er derimot slik at vi samlar dei menneska som ser at verda treng ansvarlege og moderne løysingar for dei utfordringane vi står ovanfor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei konkrete løysingane MDG har for Os si framtid er utdjupa i lokalprogrammet vårt, som ligg ute på heimesidene våre. Vi tillet oss å sitera ordførar Terje Søviknes: Alle bør lesa programmet til MDG.