Køyrer taxi til langt inn i julenatta
Det er ikkje alle som har fri på julekvelden. Øystein Flint og Martin Eikeland i Os Taxi ser til at du kjem deg trygt heim frå julebesøket.
- Me er tre sjåførar i sving julekvelden. Kristian Hellebø er sistemann. I tillegg er det mange som er på stand by, og som må belaga seg på å jobba om det er naudsynt, seier Eikeland.
Fjerde julaftan på rad i taxien
Dette er faktisk den fjerde julaftan på rad at Eikeland sit i taxien. Men han ser ikkje på det som eit problem. I år har han meldt seg frivillig, slik at kollegaen skal få fri.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Julaftan er ikkje særleg annleis enn andre kveldar i året. Dei som sit i rullestol, dei utan sertifikat, og dei som gjerne tek seg eit glas eller to på kvelden må også koma seg rundt, seier Eikeland og legg til:
- I denne næringa må me vera tilgjengelege til alle tider på døgnet. Eg har ikkje noko særleg imot å jobba julaftan.
Opnar pakkar midt på natta
I år reknar Eikeland med å vera heime midt på natta.
- Eg har vore ferdig i grei tid tidlegare, som i 21-22-tida på kvelden. Men eg har òg vore heime midt på natta eit par gonger. Då har dei andre faktisk venta på meg, så eg fekk opna gåvene saman med dei. Eit år opna eg pakkar i 04-tida. Då hugsa eg knapt kva eg fekk dagen etter. Det gjer i grunn ikkje noko. Det er jo berre klede uansett, seier 27-åringen, og ler.
Reknar med at spenninga kjem attende
- Saknar du ikkje fri på julaftan?
- I grunn ikkje. Jula var mykje større då eg var ung. Me plar ikkje vera så mange samla på julaftan, og eg har lenge vore den yngste, så spenninga på kvelden er ikkje den same som før. Men når niesa mi vert litt eldre, reknar eg med at spenninga kjem attende, smiler Eikeland, og legg til:
- Dessutan er alle i så godt humør. Eg synest i grunn det er triveleg å jobba, seier Eikeland.
Første julaftan på jobb
Kollegaen hans, Flint, fekk jobb som taxisjåfør tidlegare i år. 21-åringen har aldri jobba på julaftan, men med null julestemning, ser han ikkje svart på å måtte jobba.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg veit ikkje kva som gjer at eg ikkje har julestemning. Det kan vera vêret, eller at eg er blitt eldre, og det ikkje er like spanande lengre, seier han.
Flint plar feira saman med ein god gjeng, med familien, besteforeldre, og gjerne nokre tanter og onklar.
- Eg kjem sjølvsagt til å sakna det sosiale, og julemiddagen, seier han.
Sjenerøse passasjerar
Dei to ser det som ein fordel å vera blant dei sjåførane som er på jobb, og ikkje dei som har bakvakt.
- I prinsippet er dei med bakvakt også på jobb. Dei kan sjølvsagt ikkje ta seg ein pils, og dei kan risikera å plutseleg måtta setja seg i bilen. Då er det betre å vita at ein skal jobba, seier Flint.
- Er passasjerane meir sjenerøse på julaftan?
- Dei fleste er i alle fall i godt humør, noko som kan gjera at dei tipsar meir. Samstundes kan ein travel laurdagskveld vera minst like god. Eg tel i grunn aldri kva eg får i tips, seier Eikeland.
I "driks-situasjonar" kan det oppstå litt pinleg stemning.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sei at me køyrer eit par, og turen kjem på 247 kroner. Då kan gjerne mannen seia at det er berre til å runda opp til 300 kroner, og då seier dama; Nei, han får berre 270 kroner. Andre gonger er det motsett. Då er det dama som er meir sjenerøs, seier Eikeland og smiler.
- Pinnekjøt til meg, takk!
Tidlegare har dei ete julelunsj i "taxibuo". Dei to er usikre på om det blir noko av i år.
- Skal de laga til julemiddag på kvelden, då?
- Nei, det trur eg ikkje blir noko av. Me er ute og køyrer, så det er grenser for kva me kan få til, seier Flint.
- Kanskje nokon les dette, og vil koma innom til dykk med noko julemat. Kva vil de i så tilfelle setja pris på?
- He-he. Det verste er at no kjem sikkert nokon til å gjera det, seier Eikeland og legg til:
- Eg tek gjerne ein grandiosa!
- Pinnekjøt til meg, takk, smiler Flint.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppmodar til samkøyring
Me nærmar oss ei tid på året kor det er mange middagsbesøk, feiringar og populære utelivs-dagar. Difor vil taxisjåførane koma med ei oppmoding til dei som står i taxikø ved "buo".
- Me vil oppmoda til samkøyring, seier Flint og held fram:
- Nokre av passasjerane er flinke til å skrika ut kor dei vil, medan dei er på veg inn i taxien. Er det ledige plassar, så kan fleire i køen som skal til same stad, få sitja på. Då blir det kortare ventetid, og ikkje minst billegare for passasjerane.