Kommuneval 2015 - eit viktig vegval
I perioden 2015-2019 vil Os Høgre setja ytterlegare fokus på utbygging, sikring og forbetring av infrastruktur i kommunen, både for mjuke trafikantar og køyrande.
LESARBREV: I inneverande periode har vegvedlikehaldet vorte styrka i Os kommune, og det har blant anna vert sett av 10 millionar kroner i eit vedlikehaldsfond som skal nyttast til utbetring av kommunale vegar i 2015-2016.
I tillegg har den kommunale vegen over Søvikåsen vorte rassikra, og i desse dagar vert det jobba med å utbetra fylkesvegen mot Lepsøy, der det blant anna skal bli to køyrefelt, og gang- og sykkelveg på delar av strekninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilhøva for både bilistane og dei mjuke trafikantane er framleis utfordrande i delar av vår kommune, noko som skuldast mangel på gang-/sykkelstiar i kombinasjon med svært smale og uoversiktlige vegar med stor trafikk. Vegsituasjonen er uhaldbar både for innbyggarar og næringsliv i store delar av kommunen vår.
Tilknytingsvegar i Lysefjorden
Eit eksempel på område der tilhøva er kritiske er store delar av Lysefjorden. Krinsen har hatt stor tilflytting dei siste åra, og store utbyggingsprosjekt er undervegs. I tillegg har området også stor gjennomkøyring av folk som køyrer over Fanafjellet til arbeidsplassane sine på Sandsli/Kokstadområdet, alt dette har medført ein sterk auke i trafikken dei siste åra.
Os Høgre har programforplikta seg til å jobba for å få fortgang i tilknytningsvegane til E39, og vil pressa på for at desse tilknytningsvegane skal gå heilt fram heilt til sentrale lokale knutepunkt (skule, idrettsanlegg, butikk, bustadområde), og at planen blir utforma slik at det ikkje medfører auka trafikk langs lokale vegar som ikkje kan handtera dette. Gjennom dialog med Statens Vegvesen, er det opna opp for at vegen frå klosterruinane og ned mot Buena, kan utbetrast utan ein lang reguleringsprosess.
Programforplikta
Os Høgre har og programforplikta seg til å satse på utbygging av nye gang- og sykkelvegar, samt å utbetra eksisterande der det trengst. Kommunen har som kjent begrensa mogelegheit til å gjennomføre tiltak langs fylkesvegar (til dømes langs Søvikvegen, Sperrevikvegen og Lyseklostervegen), men Os Høgre tenkjer nytt og vil løysa dette ved å bygga gang- og sykkelvegane utanom eksisterande veg der dette er mest hensiktsmessig.
I tillegg til Lysefjorden er Askvikneset og Bjånesområdet område der dette vurderast. Os Høgre har òg programforplikta seg til å utvida parkeringstilbodet ved populære turområde (i samråd med grunneigarar), og dette kan letta framkommelegheiten på smale vegar.
Ja, det kostar pengar å få på plass eit godt tilbod til mjuke trafikantar, men Os Høyre meiner at dette er viktig å prioritera. Viss vi legg til rette for at innbyggjarane kan gå eller sykla til skule, arbeid og fritidstilbod, så vil trafikkmengda gå ned. I tillegg er gang- og sykkelstiar kanskje den viktigaste "idrettsplassen" vi kan investera i, og det vil vera til glede og nytte for alle aldersgrupper.
Store midlar til forbetring
Det som mange heller ikkje er klar over er at Høgre-regjeringa har sett av store midlar til forbetring av gang- og sykkelstiane i tilknytning til fylkesvegar og kommunale vegar. Midlane er prosjektbaserte og må søkjast om, og dei øyremerkte midlane kan finansiera opptil 50% av kostnadene i tilknytning til kommunale og fylkesvegar.
Får Høgre makta etter haustens kommuneval vil vi sørgja for å planleggja gode prosjekt slik at Os kommune får ta del i desse midlane så snart som mogeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunevalet 2015 blir eit viktig veival for innbyggjarane i Os, og Os Høgre håpar på di støtte til å gjera bygda vår betre å ferdast i for alle.
Susanne Sperrevik
Lysekloster, 10. kandidat, Os Høgre
Marie E. Lunde Bruarøy
Ordførarkandidat, Os Høgre