Kommunereforma - kva med Fusa?
Ingen her i kommunen er tent med at Fusa blir ein utkant, skriv Hans J. Berge i Fusa Sp.
LESARBREV: Regjeringa har sett i gang eit stort arbeid for å få redusert talet kommunar til ca. halvparten av dagens 438. Fusa Senterparti har programfesta at Fusa ynskjer å halda fram som eigen kommune med ei arealmessig naturleg grensejustering mot Kvinnherad og Kvam. Folketalet blir då ca. 5000.
Dersom Fusa kommune blir ein del av ein storkommune i lag med Os eller Kvam, vil ikkje lenger Eikelandsosen vera kommunesenteret. Då vil me mista mange arbeidsplassar, som enten vil bli lagt ned eller flytta til Kvam eller Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen her i kommunen er tent med at Fusa blir ein utkant.
Hans J. Berge
Nestleiar, Fusa Senterparti