Rektorane gjer ein framifrå jobb med å sjonglera timeplanane til lærarane for å sikra eit minimum av pedagogdekning, men dette er uholdbart over tid, meiner Maria Louise Lister Midtrød.
Rektorane gjer ein framifrå jobb med å sjonglera timeplanane til lærarane for å sikra eit minimum av pedagogdekning, men dette er uholdbart over tid, meiner Maria Louise Lister Midtrød.

Kommentar til skuledebatten

Eg erfarer over år korleis ressursane til tidlege tiltak blir mangelfulle grunna nedskjeringar. Har eg ikkje rett til å seia i frå, spør lærar Maria Louise Lister Midtrød i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Eg ønskjer å kommentere nokre av utspela som har kome etter at eg valde å gå ut med mi uro over det eg erfarer som lærar i Fusa kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først og fremst vil eg seia at eg snakkar for meg sjølv i dette intervjuet. Insinuasjonen frå FAU-leiar Lin Cathrin Brunborg Anthun om at eg "seier det administrasjonen ønskjer", lar eg stå for seg sjølv. Eg håpar og trur at det ikkje er dette nivået debatten skal liggja på framover.

Kan dokumenterast

FAU-leiaren ved Nore Fusa skule hevdar at det eg seier ikkje kan dokumenterast. Jo, det aller meste av det eg seier kan dokumenterast. Elevane som mister støttetimar når ein lærar er sjuk og utan tilgang på vikarar, elevar som ikkje får innfridd heile tilrådinga om spesialundervisning, elevar som i fleire timar får ufaglært vikar over tid når lærar er sjuk eller fråværande. Alt dette vert dokumentert av rektorane og lærarane kvar einaste dag.

Rektorane gjer ein framifrå jobb med å sjonglera timeplanane til lærarane for å sikra eit minimum av pedagogdekning, men dette er uholdbart over tid. Det er ustabilt for elevane og svært utfordrande for lærarane.

Effekt av tidlege tiltak

Når det gjeld effekt av tidlege tiltak med tanke på førebygging av lese-skrivevanskar, er dette grundig dokumentert i forsking frå Lesesenteret i Stavanger (Torleiv Høien), som igjen støttar seg på bl.a amerikansk forsking (Foreman, Francis, Shaywitz, Shaywitz og Fletcher 1997).

Eg erfarer over år korleis ressursane til tidlege tiltak blir mangelfulle grunna nedskjeringar. Har eg ikkje rett til å seia i frå?

Tidlege tiltak dreier seg forøvrig om svært mykje meir enn tiltak inn mot lese-skrivevanskar. Men ser me på kva ressursar skulen må gå inn med når elevane blir eldre og ikkje har møtt tilstrekkelege tidlege tiltak rundt denne type vanskar, blir dette også eit ressursmessig spørsmål. Då treng eleven ekstra ressursar i større grad inn i undervisninga, og det er vanskelegare og avhjelpa med den aktuelle problemstillinga.

Etterslep på vedlikehald

Når det gjeld dei fysiske høva rundt på skulane, er ikkje dette vanskeleg å dokumentera. Det er dokumentert i konsulentrapportane at det er eit etterslep på vedlikehald på fleire av barneskulane. Dette kjenner elevar og lærarar på kvar einaste dag.

Rektor ved ungdomsskulen, Maylin Torgilstveit, går ut i same avis som meg og fortel om ein ungdomsskule som sårt treng oppgradering og rehabilitering. Ungdomsskulen er ikkje tatt med i konsulentrapportvurderingane, då dette er den einaste ungdomsskulen me har. Elevane - og då særskilt ungdomane våre i kommunen har eit fysisk arbeidsmiljø andre overhovudet ikkje hadde funne seg i. Det er ei kommunal oppgåve å ta vare på og halda kommunale bygningar ved like. Eg undrast på kor pengane skal koma i frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kan ikkje kuttast meir

Svein Lang meiner at det eg seier ikkje stemmer overens med det konsulentgruppene har kome fram til. Eg har òg lese grundig gjennom rapportane frå Agenda Kaupang dei siste åra. Den siste rapporten som ligg til grunn for høyringsutkastet for skulestruktur, var svært grundig og tydeleg. Eg ønskjer å framheva s. 12 som omhandlar krav til framtidas skule og kapittel 4.6.2 s. 46 som er ein rådgjevande del av rapporten. Eg ser ikkje heilt kva punkt Lang siktar til, både rapportane og eg seier tydeleg at det ikkje kan kuttast meir i budsjettet til skule. Eg forstår rapporten dit hen at ein må sjå på andre løysingar om ein ønskjer ein meir sunn kommuneøkonomi på sikt.

UDF har uttala seg

Konsekvensane av stadige budsjettkutt kom òg fram i eit ope brev frå Utdanningsforbundet i Fusa januar 2015. Dette brevet var ute på høyring i alle UDF sine klubbar i kommunen, og det var ein tydeleg uttale om at det ikkje kan kuttast meir i budsjett. Så UDF har uttala seg. Ja - uttalen kom i samband med budsjettet 2015, men den er framleis like aktuell.

Ordførarkandidat Lang skriv i sitt innlegg at "så mye ansvar tror vi elevene, lærere, og FAU har, at de vile gi signaler dersom de ser at læremiljøet blir for lite". Organisasjonen min, UDF, gjorde nettopp det i januar. Eg gjorde nettopp det i intervjuet med «Os og Fusaposten».

Maria Louise Lister Midtrød