Kommentar til Hatvikvegen og "den ukjende gangstien"
Me ser i «Os & Fusaposten» 5. september at Gustav Bahus veit om ein gamal sti under Hatvikvegen på Bø. Den har me som bur her ALDRI sett og heller aldri høyrt snakk om, skriv grunneigarar.
LESARBREV: Under brua går det verken veg eller sti, men der renn ein bekk - og elles er der bare buskar. Kanskje på tide for Bahus å sleppa brillene ned på nasen og sjå etter ein gong til?
Artikkelen held fram under annonsen.
Diverre er ikkje ideen ny heller. Den var med i forslaget frå arkitetkontoret til vegkontoret då dei laga plan om gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen for eit par år sidan.
Meininga var at dei som bur på oppsida langs vegen, kunne gå under brua for så å svinga oppatt på gangvegen som skulle gå på sørsida av Hatvikvegen. Det var også teikna inn ein avstikkar ned til Midtbøvegen.
Har medlemene i Plan- og bygningsutvalet sett desse teikningane? Dette skulle gjerast når gang- og sykkelvegen kom så langt inn på Bøflaten.
Andre løysingar har aldri vore diskutert med grunneigarane.
Etter synfaringa gjentok Harald Døsen (Ap) det han, Siren Tømmerbakke (Sp) og Terje
Sperrevik (Tvp) tidlegare har sagt om at tidlegare vedtatte rekkefølgekrav framleis må
gjelda. Dei vikarierande argumenta som Bahus meiner blir brukt, er det nok han sjøl som
bruker for å koma seg unna sine tidlegare løfter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal dei som lovar mest og held minst halda fram og styra Os-bygda?
Godt val!
Hallgeir
Bjørg
Alf Strønen
Grunneigarar på oppsida av brua