Knutabruo opnar snart
25. oktober vert det snorklipping for gangbrua over Oselvo.
Den såkalla Knutabruo, gangbrua som skal knyta saman aust- og vest-sida av Osmarka, er snart klar for opning. Ikkje rart at primus motor Peder Fløysand er i perlehumør.
- Dette er utruleg. Vi byrja å fabulera om ei slik bru for snart ti år sidan. Nei, dette blir fantastisk, ler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjorårets bygging av Os kommunes nye turveg frå Nordmarka til Tøsdal, sette fyr i bru-planane til dei såkalla brukameratane. I tillegg til Fløysand, tel dei Harald Døsen, Knut-Jarle Aspenes og Jan Haaland.
- Det har vore eit eventyr å sjå kor mange folk som bruker den nye stien. Dette er det siste flate grøntarealet i nærleiken av sentrum. Alle kan gå tur her, sjølv dei som ikkje er spreke nok til å koma seg til fjells. Når brua kjem, opnar det eit unikt område for folk flest, seier han.
Mette-Marit
Det er enno ikkje bestemt kven som skal føreta den høgtidelege snorklippinga i oktober. Men noko kven som helst vert det visst ikkje.
- Kan vi venta oss ein medlem av kongefamilien?
- Nei, eg tør ikkje ringa Mette-Marit, ler Fløysand.
- Det er klart vi sprudlar litt ekstra når vi får så mykje positiv respons, legg han til.
Dugnad og kaffi
Og positiv respons håpar han på også komande veke. Tysdag 8. og onsdag 9. september vert det nemleg dugnad ved brua for alle som kan og vil.
- Er det berre for muskelbuntar?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, nei. Det er berre snakk om å bera og rydda litt greiner.
Vi stiller med kaffi, lovar Fløysand på vegner av brukameratane.