Kjende seg trygg på Utøya
Sandra Kristin Austgulen og Idun Fjeld frå Os AUF er klare til valkamp etter å ha lada opp på Utøya i helga.
Sandra Kristin Austgulen og Idun Fjeld, høvesvis leiar og sekretær i Os AUF, deltok i helga på AUFs landsleir på Utøya. Det var som kjend fyrste gong leiren vart arrangert der sidan 22. juli 2011.
- Korleis opplevdest det å vera akkurat der på leir?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var veldig spesielt, særleg på førehand. Vi gjekk ikkje rundt og tenkte på det medan vi var der, men det var vanskeleg
å halda tårene attende då vi såg minnesmerket over dei drepne, fortel Austgulen.
Grundig sikkerheit
- Kjende de dykk trygge?
- Ja, det gjorde vi. Vi måtte gjennom ein sikkerheitssjekk før vi kom ut på øya, der bagasjen vår vart gjennomsøkt. Dessutan var det trygt å sjå uniformert politi, både på land og i båt, helsepersonell og ikkje minst representantar frå media. Det var nok ikkje så freistande å finna på noko tull med alle desse til stades, seier Austgulen.
Klare til valkamp
20-åringen er ikkje skåren for tungebandet i politiske debattar, men denne helga har ho berre vore tilskodar.
- Ja, eg har hatt fri og lytta til dyktige politiske leiarar, både frå AUF og moderpartiet, snakka om temaet internasjonal solidaritet, seier ho og legg til at både ho og sekretær Fjeld er klare som aldri før til å driva valkamp for Arbeidarpartiet i heimkommunen.
Triks
- Har du plukka opp nokre triks til valkampen?
- Ja, faktisk. Mellom anna har eg fått med meg at det er lurt å ha ei tydeleg fanesak for bygda si som ein set seg godt inn i.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Har du ei slik sak?
- Det må vera bustadbygging for ungdom, seier 20-åringen som sjølv nett har flytta på hybel til Kalfarveien i Bergen.
- Eg vil attende til Os, det er jo så flott her, seier Austgulen som veit at ho sjølv vil støta på ein dyr bustadmarknad.
- Men sjølv om det i dag er vanskeleg for unge å koma seg inn på bustadmarknaden, er eg sikker på at vi skal greia å finna gode løysingar på dette på sikt, seier ho.