Ein kan ikkje vera skråsikker på seksuallivet til ei kvinne ved å kikka henne mellom beina, skriv Laila Reiertsen.
Ein kan ikkje vera skråsikker på seksuallivet til ei kvinne ved å kikka henne mellom beina, skriv Laila Reiertsen.

Jakta på jomfruhinna kan ikkje halda fram

Det er med gru ein får høyra at foreldre sender jenteborna sine til legeundersøking for å avkrefta eller bekrefta tap av den såkalla jomfruhinna. Ei hinne som ikkje er der.

Mange har gjennom år-tider blitt forført av ein jomfruhinneeksistens. Dette eldgamle, og faktisk etablerte hinnesnakket er dessverre vorte vidareført som eit bevis på før og etter seksuell omgang. Totalt skivebom.

Kvinner har ikkje noko jomfruhinne. Men dei har ein tøyeleg slimhinnekrans, denne kallast hymen. Her er det like mange variantar som kvinner. Og ein kan ikkje vera skråsikker på seksuallivet til ei kvinne ved å kikka henne mellom beina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor er det svært alvorleg at legar utfører underlivs-undersøkingar på kvinner uti frå krav frå foreldre eller andre. Legar skal ikkje driva med slikt. Undertrykking og vidareføring av et forkvakla kvinnesyn kan ein ikkje godta. Legar og anna helsepersonell som utfører dette må snarast gje seg. Og får ein melding om at dette skjer, må ein vurdera personens autorisasjon.

Laila Reiertsen

Familiepolitisk talskvinne FrP