Kjetil Vik, Jan Gunnar Eide, Hans Marius Eide og Ole Vintertun festar repet rundt benken. I bakgrunnen Svein og Anders Døsen.
Kjetil Vik, Jan Gunnar Eide, Hans Marius Eide og Ole Vintertun festar repet rundt benken. I bakgrunnen Svein og Anders Døsen.

Høgtflygande tankar sikra Liafjelltur utan steinsmak i baken

Onsdag tok Nore Neset Grendalag grep og sikra Liafjellbrukarane ein sjanse til å kvila baken på ein god trebenk. Benken flaug til topps.

Den kjærkomne benken er resultat av eit benkeforslag på eit grendamøte tidlegare i år. Takk vere handlekraftige og sterke dugnadssjeler, vart den blytunge rumpekvilaren kjapt ekspedert til fjells onsdag ettermiddag. Benken vart rett og slett flydd til topps.

- Ja, heilt til topps skal han ikkje. Me har bestemt at han skal stå akkurat på toppen av bratthenget i Liafjell-løypen frå Nore Neset, forklarar Anders Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I henget me i gamle dagar kalla Sætrabrekko, held Døsen fram.

I lag med Kjetil Vik køyrde han benken frå Nore Neset til Vaksinen flyplass. Der møtte dei helikopter-gjengen Ole Vintertun, Jan Gunnar Eide og lastemann Hans Marius Eide.

- Du må få med at benken er ei gåve frå Gjensidigestiftelsen, legg Anders Døsen til før helikopteret landar.

Her er flyg benken rakt til vers retning Liafjellet.
Her er flyg benken rakt til vers retning Liafjellet.
Kjetil Vik og Anders Døsen følgjer med på lift off-en.
Kjetil Vik og Anders Døsen følgjer med på lift off-en.
Ein nylakkert benk klar for sin første flygetur.
Ein nylakkert benk klar for sin første flygetur.

Perfekt plass

Medan Ole Vintertun og Jan Gunnar Eide sytte for at benkelasten vart godt festa med eit 20 meter langt rep, brukte ein annan frivillig, Jan Erik Døsen, turstien frå Nore Neset-sida og tok seg til Liafjelltoppen på gamlemåten.

- Det handla om koordinering og teamarbeid. Når me flyg benken opp no, så står Jan Erik på plass og tek imot og plasserer han fint der han skal stå, seier Ole Vintertun.

Grendalags-gjengen er godt samde om at plassen dei har vald, er perfekt.

- Du veit, den plassen ovanfor det bratte henget er der drengane i gamle dagar brukte å mjølka kyrne som beita på Liafjellet, fortel Anders.

- Ja, så er det jo ein optimal plass å ta seg ein kvil etter å ha forsert det brattaste partiet også, kvitterer Kjetil Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minste flylast-jobb

Pilot Jan Gunnar Eide tok benkeflyge-oppdraget med god dugnadsånd.

- Ja, dette gjer eg gratis for å hjelpa til. Det er kjekt å bidra til at turgåarar får seg ein fortent kvil, smilte Eide før han letta frå Vaksinen.

Den erfarne helikoptermannen måtte vedgå at benken truleg er den minste lasten han noko sinne hadde floge.

- Ja, me brukar nok aller mest å fly langt tyngre og større ting enn dette.

- Men med lasten 20 meter under deg, er det ikkje fare for å koma borti eit tre?

- Jaudå, det er alltid ei fare for det. Men slik eg sit har eg svært god utsikt rakt ned. Dessutan har me ein naudutløysar for repet dersom lasten skulle hengja seg fast. Me er godt sikra sånn sett, seier Eide.

Derett drog han i gang motoren på helikopteret og flaug benken rake vegen til toppen av Sætrabrekko.

Ifølgje rapportane i ettertid hadde Jan Erik Døsen ingen problem med å ta imot benken. Dermed står turkvilaren klar for nye turgåarar frå skrivande stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Liafjell-gåarane blir nok dette ein solid "benkers".