Moteshow og gode tips til korleis ein kan arrangera ein perfekt klubbkveld er noko av det som finn stad i Kløvertun tysdag. Tove Tvedt Skarstein hjå Madam Ane står i bresjen for arrangementet. (Arkiv
Moteshow og gode tips til korleis ein kan arrangera ein perfekt klubbkveld er noko av det som finn stad i Kløvertun tysdag. Tove Tvedt Skarstein hjå Madam Ane står i bresjen for arrangementet. (Arkiv

Høg klubbfaktor i Kløvertun

Syklubb, vinklubb, bokklubb, fotballklubb eller kanskje venninneklubb. Det er nok ikkje få osingar og fusingar som er medlem av ein klubb. Tysdag får alle som ønskjer tips til korleis dei skal arrangera ein perfekt klubbkveld.

Då inviterer nemleg Madam Ane, Instinct, Moberg Sko, Interoptik Bakketeig og Nordisk Rom til moteshow og klubbkveld i Kløvertun på Os.

- Kveldens modeller er klubbdamer og -menn som er med i ulike klubbar i Os og Fusa. Vi har til dømes ein sporty damegjeng frå Fusa som skal kasta glans over catwalken, opplyser primus motor Tove Tvedt Skarstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til siste nytt frå dei fire butikkane på Osøyro, skal Katrine Brattfjell Heggland hjå Nordisk Rom visa korleis ein kan dekkja eit koseleg bord når klubbgjengen kjem på besøk. Hamnechefen, med Frank Bruarøy og Reidun i spissen, vil dessutan koma med tips til klubbmat som er både god og sunn. Bruarøy skal starta kafé i torgbygget, den såkalla "Osroso", på Osøyro, i lag med lege Berit Nordstrand, og kjem også til å fortelja litt om konseptet deira.

- Kveldens musikalske innslag er det elevar frå Kongshaug musikkgymnas som står for. Og, tradisjonen tru, trekkjer vi fine premiar frå butikkane som deltek, fortel Skarstein.

Vidare kan ho opplysa om at Geir Magne Johnsen skal vera konferansier, og at det truleg vert nokre overraskingar på programmet i løpet av kvelden.

- Vi har til dømes fleire som stiller med heimebakst, fortel ho.

Osøyro Libris, dyrebutikken Max, gullsmed Johan Eide & Co. og Os Blomsterservice deltek også på arrangementet.

- Engasjementet er stort. Vi har 200 billettar, men det plar vera fullt hus. Det er ikkje berre folk frå Os og Fusa som kjem. Eg har alt selt billettar til ein klubbgjeng frå "byn". Dei er 20 personar som tek turen, fortel Skarstein.