Historias fyrste haustfest for Havnesjefen 4H
Laurdag var det klart for Havnesjefen 4H sin aller fyrste haustfest.
Eit 4H-år byrjar i november/desember, og vert avslutta med fest hausten etter. Haustfesten er ei markering av at medlemmene har jobba jamt og trutt gjennom heile året med prosjekta sine.
Baking og insektshotell
På festen laurdag stilte medlemmene ut prosjekta sine. Der kunne ein sjå og lesa om både baking, hest, insekthotell og turn.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sjølv om medlemmene berre talte åtte stykk, var det fine og interessante utstillingar som viste at dei hadde jobba godt, skryter Karianne Michelsen som er klubbrådgjevar.
Vilde Nybø-Dahl opna haustfesten med å seia nokre ord om kva Havnesjefen 4H har vore med på det siste året, blant anna kurs og leirar arrangert av 4H Hordaland og ulike arrangement i eigen klubb. Underhaldninga bestod av ein leik som også dei vaksne gjestene var med på.
- Medlemmene hadde hengt opp ein faktaplakat om 4H, og ut frå denne plakaten hadde dei quiz. Nokre klarte meir enn andre, men eg trur dei fleste syntest at det var lærerikt, fortel Michelsen.
Haustfestrepresentant
I 4H får alle medlemmene eit merke for og ei vurdering av prosjektet dei har jobba med gjennom året, og fordi dei har delteke på møte som klubben har hatt. Merka vert utdelte av ein såkalla haustfestrepresentant som vert spesielt invitert.
Havnesjefen 4H sin representant i år var Børge Lunde, rektor ved Nore Neset barneskule.
- Han kunne fortelja oss at han hadde takka nei til eit møte med Erna Solberg då han allereie hadde takka ja til oss, då invitasjonen kom, smiler Michelsen.
Etter utdelinga av merka og ei merksemd frå klubbrådgjevarane som takk for innsatsen siste året, var det tid for mat. Det vart servert både rundstykke frå Hagavik Hjemmebakeri, kaker og bollar bakt av medlemmer og føresette.
Som ei avslutning av festen, var det loddsal.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Her må me få lov til å takka for alle bidraga frå lokale bedrifter. Hovudpremien var eit smykke av Havnesjefen frå gullsmed Johan Eide, fortel Michelsen.