Hersketeknikkar er ikkje kjekt å vera vitne til

I lag med mange andre var eg tilskodar då Fusa kommunestyre den 17. desember handsama saka om endring i skulestruktur. Dette vart ei selsom framsyning av maktdemonstrasjon og hersketeknikkar frå posisjonen si side. Heldigvis må vi leita lenge og vel etter å finna maken, skriv Asgerd Vetlegjord.

LESARBREV: Kva partia Frp, KrF og Venstre har som etiske retningslinjer skal eg ikkje uttala meg om, men eg ynskjer å koma med nokre kommentarar om Arbeiderpartiet (Ap). I mange år har Ap vore spesielt merksam på, og brukt tid og ressursar på å informera om hersketeknikkar. Hersketeknikkar vart sett i system av professor Berit Ås i 1979. Ho definerte teknikkane som noko ein person eller ei gruppe brukar for å indirekte herska over andre personar eller grupper. Desse blir gjerne nytta av leiarar som er utrygge på seg sjølve og rolla si, og som ikkje har nok kunnskap til å møta motargument på sakleg vis.

Då er det enklare å ty til hersketeknikkar for å prøva å hindra brysam innblanding. For Ap har det vore viktig å spreia informasjon om hersketeknikkar både internt i partiet, samt gjennom Kvinnenettverket og deira program «Kvinner Kan», der Norsk Folkehjelp er samarbeidspartnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maktmisbruk

Eg har hatt gleda av å samarbeida med Kvinnenettverket sentralt om «Kvinner Kan» gjennom mange år som tilsett i Norsk Folkehjelp, og no som frivillig kursleiar for Kvinner Kan-kurs i inn- og utland. Ein del av kursa handlar om kommunikasjon og at deltakarane blir medvitne om at hersketeknikkar finst, korleis dei kjem til uttrykk og kva som kan gjerast for å motverka at dei blir brukt.

Målet er altså ikkje å læra folk opp til å bruka hersketeknikkar, men til å gjenkjenna dei og dermed ufarleggjera dei. All bruk av hersketeknikkar kan karakteriserast som maktmisbruk.

Å halda attende informasjon

Ein mykje nytta teknikk er usynleggjering, å lata som om motparten ikkje eksisterer eller blir høyrt på. På kommunestyremøtet såg vi ei unison tausheit frå dei seks Ap-representantane i lag med resten av posisjonen. Som om spørsmål i velførebudde innlegg frå opposisjonen om kostnader ved nedlegging av skular og bygging av nye, konsekvensar for elevar og lokalsamfunn, innhald i høyringsuttalar m.m. aldri hadde vore reist.

Å halda attende informasjon er ein annan hersketeknikk som også Ap-representantane i Fusa såg ut til å trivast med å bruka. Det kan handla om å ikkje bli orientert om at møte om ei bestemt sak skal haldast, bli utestengt frå møte eller ikkje få tilsendt relevante saksdokument.

At ein Ap-representant hadde bede sine medrepresentantar om å takka nei til invitasjon frå FAU-eiar i Strandvik om besøk på skulen, er eit klart eksempel på denne teknikken. Kan dette vitna om uro for at dei då kunne få vita noko som ville få dei til å stemma ut frå sjølvstendig vurdering, og eventuelt stemma mot nedlegging av skulen?

Fråvær av debatt

Etter avrøystinga takka ordføraren for god debatt. Men det var total fråvær av debatt under denne delen av møtet, fordi posisjonen, med ordføraren som leiar, var heilt taus. Dette er manglande respekt for partikollegaer frå opposisjonspartia og er mangel på folkeskikk. Det var også med undring eg registrerte at ordføraren ikkje hadde ei einaste sjølvstendig meining under heile sakshandsaminga, og måtte ha hjelp av rådmannen når noko skulle svarast på.

Gjennom mitt mangeårige samarbeid med Ap har eg alltid hatt stor respekt for partiet og deira verdigrunnlag basert på solidaritet og respekt for menneskeverd. Ikkje minst har drivande dyktige kvinner i Kvinnenettverket gjort ein formidabel innsats for å styrkja kvinners stilling og auka kvinner si deltaking i politikk og samfunnsliv. Møtet med Ap sine representantar i Fusa kommunestyre den 17. desember fekk meg til å tenkja at det er lite ærefullt for partiet å ha slike tillitsvalde. Kan det vera tid for ordføraren å ta initiativ til ei intern oppfrisking av sitt eige parti sitt verdigrunnlag og etiske retningslinjer?

Asgerd Vetlejord

Artikkelen held fram under annonsen.

Strandvik