- Her er isen trygg heile tida!
Medan andre farter til Ulvenvatnet eller Banktjørno, har familien Ringeling meisterlege skeisetilhøve like utanfor stovedøra. Og det beste av alt: Isen er alltid trygg.
Familien Ringeling har tradisjonar for å laga skeisebane i hagen sin i Skeisstøa, men dei siste vintrane har det vore dårlege tilhøve for denne typen aktivitetar. Sist dei laga bane var i 2010.
- Borna har mast sidan juleferien. Eg lova dei at dersom det vart minus 8 gradar og utsikter for kaldt vêr ein tid framover, så skulle me setja i gang. Sist søndag var tilhøva nett slik. Då var det ingen veg tilbake, humrar pappa Mark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han vedgår likevel at det ikkje sat så langt inne.
- Det er kjekt å laga ting i lag med borna. Me koste oss under arbeidet og alle hjelpte til, fortel han.
28 meter tømmer
Banen dei har bygd er rimeleg stor, dobbelt så stor som den dei laga i 2010.
- Borna er blitt større. Då må me ha litt større bane også, seier pappa Mark.
Ein 9 x 5 meter stor pressenning la malen for banen. Deretter bygde dei vant av tømmerstokkar frå Strøno og spikra pressenninga fast til tømmer-stokkane ved hjelp av kortare plankebitar.
- Me bydge banen ferdig på søndag og spylte heile ettermiddagen. På tysdag var han klar til bruk, fortel eldstejenta Maja.
- Pappa spyler banen kvar kveld, så den er godt vedlikehalden, smiler Emma.
- Eg spyler først med varmt vatn slik at øvste laget smelter. Så fyllar eg på med kaldt. Dermed vert heile overflaten ny, flat og ripe-fri, seier pappa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klasse-besøk
Isbanen i bakhagen i Skeisstøa er blitt ein populær møteplass dei siste dagane. Fredag hadde Maja med seg alle klasseveninnene i klasse 6B.
- Då var det fullt liv her med skeisar og leik og varm raud saft, fortel mamma Lene.
Søndag var det mindre trangt på isen. Då var det også plass for at vesle Peter (4) kunne få mora seg. Minstejenten Ida (1) måtte nøye seg med å sjå på.
- Det er moro å laga til slikt som dette for borna og venene deira. Neste år lagar me kanskje ein endå større bane. Eg har nemleg sett på Ebay at dei har pressenningar på heile 10 x 15 meter. Det hadde vore noko, humrar banemeister Mark.