Har følgt hegre-hekking i 15 år
Ronald Knudsen har følgt den store hegre-aktiviteten i skogen nære på bustaden sin i 15 år. I år er første gong eitt av reira er vendt mot han.
- Her sit eg på altanen og følgjer med i kikkerten, seier han, og held fram:
- Ungane er veldig aktive og sprett rundt, særskilt tidleg på dagen. Utover dagen slår dei seg til ro.
Artikkelen held fram under annonsen.
Redd for at skogen forsvinn
Knudsen bur i Flåten-området. Han vil ikkje seia eksakt kor, då han fryktar at nokon kan kome til å plaga eller skada fuglane.
- Det er ikkje alle som har dei beste hensiktene. Om det blir lagt ut bilete av rev eller mår eller andre dyr i til dømes i lokalavisa, så har det skjedd fleire gonger at det vert lagt ut feller for å ta dyra. Eg ønskjer ikkje at det skal skje med hegrane, seier han.
I løpet av dei siste 15 åra har han sett skogen bli tynna ut.
- Eg er redd for at skogen etter kvart vil forsvinna. Det er stor aktivitet i trea. Eg har sett to reir, men det er garantert fleire, seier han.
Høyrest ut som hundar
Knudsen fortel vidare at det nok er nokre som irriterer seg over all lyden fuglane lagar.
- Det kan høyrest ut som hundar som bjeffar av og til. Dei fleste rundt her høyrer dei godt. Eg har ikkje sagt til naboane at det er hegrar i skogen som lagar all lyden, seier han og smiler.