Har blitt eit skuleval
I Fusa har denne valkampen blitt til eit skuleval, for eller mot skulenedlegging. Det som forundrar meg er at nokon gir uttrykk for at berre me legg ned nokre skular, så ordnar økonomien seg, skriv Margunn Y. Samnøy.
Magne Djuvik uttalte på valdebattmøte på Fusa vidaregåande: "Små skular kan væra gode, men dei er dyre". Konklusjonen hans var at me ikkje har økonomi til å drifta alle skulane våre. Eg vil påstå det motsette: Me har ikkje råd til å leggja ned ein einaste skule. Fordi det vil påføra oss meir kostnader som igjen må dekkast inn på driftsbudsjettet.
Kvar vil Frp henta dei pengane frå? Det seier ikkje Magne Djuvik noko om. I staden set han helse opp mot skule og narrar folk til å tru at dei vil få det betre om me legg ned skular.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle som har følgd med i Fusa-politikken dei seinare år, veit at me har måtta kutta i alle einingar. Nedskjeringane me gjorde hausten 2014, i samarbeid med einingsleiarane, var svært tøffe. Dessverre gjekk dei mest utover helse.
Senterpartiet hadde i sitt budsjettforslag, saman med Høgre og SV, ein buffer på disposisjonsfondet som nettopp var tenkt nytta dersom nokon av kutta vart for tøffe. Som kjent kom me i mindretal, og budsjettet som vart vedteke i desember 2014 med fleirtal frå Frp ,Ap, KrF og V, brukte reservekontoen til å saldera sitt budsjett. Når i tillegg skatteinntektene for 2015 blir vesentleg mindre enn budsjettert, har me store utfordringar.
Men dei må løysast på heilt andre måtar enn å leggja ned skular i krinsar som verkeleg har stått på dei seinare år og fått folk til å flytta til kommunen. Skal denne positive utviklinga kunna halda fram treng me dei skulane me har og vidareutvikla dei. I staden må me bruka energien vår på å auka inntektene, slik at me framleis vil kunna vera blant dei som leverer dei beste tenestene i landet.
Den framgangen som Senterpartiet har på målingar på landsbasis, er eit resultat av to saker i denne valkampen. Me har vore tydeleg på at me seier NEI til tvangssamanslåing av kommunar og STOPP til nedlegging av skular.
Kommunereforma har etter mi meining kome alt for lite fram i denne valkampen. No er det på tide å vakna.
Kven trur at me vil kunna behalda alle skulane våre, eller vårt desentraliserte helsetilbod om me blir ein del av ein storkommune? Uansett kva retning me vender oss, blir me ein utkant. Det vil bli færre folkevalte frå Fusa. Avstanden mellom brukar og dei som skal bestemma blir lenger. Eg trur ikkje demokratiet blir borte, men det vil bli annleis. Det er lettare å stikka innom ordføraren i Fusa enn ordføraren i Bergen. I ein storkommune er det sentrum som vil utvikla seg og bli større. Utkantane blir taparane.
Kommunereforma er ingenting anna enn ei gedigen sentraliseringsreform som regjeringa vil tvinga på oss. Kommunalminister Sanner vil vri pengestraumen frå små til store kommunar. For å tvinga kommunar saman vil han endra inntektssystemet slik at små kommunar skal få mindre og vekstkommunane meir. Dette til tross for at alle rapportar viser at små kommunar leverer dei beste tenestene. Innbyggjarane i små kommunar er mest nøgde med sjukeheim, barnehage og skular. Det gjeld til og med barnevernet.
Mykje står på spel no som kjem til å påverka innbyggjarane i Fusa. Derfor er det viktig at alle nyttar stemmeretten sin på måndag. Senterpartiet har gode kandidatar frå alle bygder som vil arbeida for å vidareutvikla kommunen og bygdene våre i positiv retning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godt val!
Kommunereforma er ingenting anna enn ei gedigen sentraliseringsreform som regjeringa vil tvinga på oss.
Margunn Y. Samnøy
Fusa Senterparti