Benjamin Asvkik Midtbø og Sondre Kvamsdal har trent hardt og går for gull under Wado-EM i Rotterdam.
Benjamin Asvkik Midtbø og Sondre Kvamsdal har trent hardt og går for gull under Wado-EM i Rotterdam.

Gutar med tru på gull

12 utøvarar frå Os karateklubb er klare for EM i Wado-karate. Benjamin og Sondre går for gull.

Trener Vidar Mjånes er nøktern optimist før årets Wado-EM i Rotterdam. Han trur fleire osingar er kandidatar til å ta medalje, men om nokon klarer å gå heilt til topps, er han meir usikker på.

- Me har vinnar-kandidatar også, men dei skal treffa godt om dei skal gå heilt til topps, seier Mjånes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stiller i mange klassar

Meisterskapen i Nederland startar onsdag 28. denne månaden. Os Karateklubb stiller med 12 deltakarar.

- Me stiller i eit breitt utval av klassar. Utøvarane våre er frå 12 til 48 år, og me stiller i kata og kampklasser, både individuelt og som lag, fortel Mjånes.

Måndag var Os og Fusaposten med gjengen på trening. Einaste EM-klare utøvar som ikkje var på plass, var Amanda Njøten. Ho har flytta til Trondheim for å studera, men stiller altså for Os-klubben i EM.

EM-troppen til Os Karateklubb. Amanda Njøten er også klar, men ho er flytta til Trondheim og var difor ikkje med på måndagens trening på Os ungdomsskule.
EM-troppen til Os Karateklubb. Amanda Njøten er også klar, men ho er flytta til Trondheim og var difor ikkje med på måndagens trening på Os ungdomsskule.
Trenar Vidar Mjånes er sjølv klar for konkurrera i Rotterdam.
Trenar Vidar Mjånes er sjølv klar for konkurrera i Rotterdam.

Klare optimistar

Det var god trøkk og høg intensitet på treninga måndag.

- Me har køyrd hardt på i lengre tid no. I tillegg til harde kamp-økter og desse treningane her har me også hatt eigne kondis-økter i trapper, så gjengen har fått køyrt seg bra dei siste månadene, fortel trenar Mjånes.

Han har optimistiske og sjølvsikre gutar i troppen.

- Eg høyrde trenaren prata om medaljar, men for min del handlar det utelukkande om å vinna. Eg har sølv og bronse-medaljar frå før. No er det berre gullet som tel, seier Armin Paloslamovic.

Han får støtte av to yngre klubbkameratar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me trur også på gull. Til Sondre i 14-15-årsklassen, og til meg i 12-13-årsklassen, smiler Benjamin Askvik Midtbø.

Dei yngste i reisefølgjet er meir nøkterne med tanke på eigne resultat.

- Me gler oss veldig til å delta i EM. Korleis det går står att å sjå. Vinn me nokre kampar er me nøgde med det. Blir det medalje, så er det fantastisk, seier Tuva Baggen og Melina Solvang, som begge er 12 år.

EM-troppen til Os KK

· Oddbjørn Aspenes

· Vidar Mjånes

· Henrik Reed Larsen

· Aner Palislamovic

· Armin Palislamovic

Artikkelen held fram under annonsen.

· Ole Bakke

· Amanda Njøten

· Tiril Skønberg Håland

· Benjamin Midtbø Askvik

· Sondre Kvamsdal

· Tuva Baggen

· Melina Solvang

· Cato Bruarøy, coach

Artikkelen held fram under annonsen.

· Tor André Aspenes, coach