Det var kø for å seia ha-det til kyllingane i Os barnehage fredag.
Det var kø for å seia ha-det til kyllingane i Os barnehage fredag.

Gule og søte, men ikkje til å eta

Dei bruker å vera av marsipan på denne årstida, men i Os barnehage har dei faktisk stelt med ekte kyllingar.

For fire veker sidan fekk dei fleire rugeklare egg. Etter tre veker i rugemaskin fekk dei nyfødde oransje-beinte pjuskane helsa på vertane sine.

- Me har følgd prosessen frå dag til dag og veke til veke. Sist helg vart 12 velfødde kyllingar fødde. Denne veka har alle borna i barnehagen fått høve til å sjå på, og klappa dei skjøne, små, fortel Karina Lekven i Os barnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei veke i "akvariumet" i oransjeavdelinga var dei 12 kyllingane sitt barnehageopphald over.

- Det er litt trist, men slik må det bli. I ettermiddag vert dei overlevert til ein bondegård på Strøno. Der kjem dei sikkert til å få det bra, seier Lekven.