Vinnesholmen, Vinnes.
Vinnesholmen, Vinnes.

Guide til friluftsområde i Os og Fusa

TEMA SJØLIV: Det finst mange badeperler i skjergarden i Os og Fusa. Her er nokre av dei.

Hagafjøro, Eikelandsosen:

På sørsida av Eikelandsfjorden inst inne i fjordarmen ligg Hagafjøra med lett tilkomst frå riksvegen. Badeplass skilta med parkeringsplass frå hovudvegen. Det er grusa sti bort til badestranda. I området er det toalett, handikaprampe, badeflåte med stupebrett, to badebøyer, samt bord, benk og grill.

Skjelavikjo, Strandvik

Skjelavikjo finn ein rett etter Strandvik på vegen frå Venjaneset forbi Vinnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bygdefolket og Strandvik Bygdautval gjer eit fantastisk dugnadsarbeid på området og er ein flott samarbeidspartnar for Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), seier Lars E. Torgilstveit.

Badeplass med parkeringsplass. Det er grusa sti til badestranda. I området er det toalett, informasjonstavle, sandstrand og stupebrett. Det er også to badebøyer, bord, benk og grill, samt ei scene laga av tre.

Fusaneset, Fusa

Badeplass. BOF har ingen offisiell p-plass, men det finst moglegheiter til å parkera ved kyrkjegarden. Tilrettelagt med gapahuk, stupebrett, to badebøyer, samt bord og benker og toalett. Også her er det grusa sti inn i området. Fusaneset ligg nord for Fusa kyrkje aust for Venjaneset langs riksveg 552.

Mobergsvikjo. (Arkivfoto).
Mobergsvikjo. (Arkivfoto).
Ervikane. (Arkivfoto).
Ervikane. (Arkivfoto).
Gapahuk, Fusaneset.
Gapahuk, Fusaneset.
Hagafjøro, Eikelandsosen.
Hagafjøro, Eikelandsosen.
Ramsholmen.
Ramsholmen.
Skjelavikjo, Strandvik.
Skjelavikjo, Strandvik.
Fusaneset, Fusa.
Fusaneset, Fusa.
Stupebrettet i Skjelavikjo, Strandvik.
Stupebrettet i Skjelavikjo, Strandvik.

Vinnesholmen, Vinnes

Vinnesholmen ligg ved Bjørnefjorden ytst på Fusa-halvøya. Langs fylkesvegen er det midtvegs mellom ferjekaien på Venjaneset og Strandvik. Området er merka med symbol for badeplass og kulturminne i kartdelen.

- Vinnesholmen har ei lun badefjøre mot Vinnessundet. Fine svaberg for fiske mot fjorden. Flott kulturlandskap for småturar på land med eiga kulturløype som ein også kan følgja på fastlandet. Vinnesholmen er knytt til fastlandet med ein køyrbar molo. I friluftsområdet ligg det ein turboks, éin av 16 geocacher som BOF har lagt ut i våre medlemskommuner, seier Torgilstveit, planleggjar i BOF.

Ervikane, Strøno

Ervikane ligg på sørvestsida av Strøno.

- Eitt av våre best tilrettelagde område, både for badegjester og turgåarar. Skilta frå hovudveg, med to parkeringsplassar, informasjonstavle, kai, bord, benker og grill. Det er òg toalett, handikaprampe, gapahuk og trebru over til Vetle Hestholmen for gode fiskemoglegheiter, seier Torgilstveit.

Mobergsvikjo, Os sentrum

Ved Osøyro, rett sør for sentrum. Adkomst via Oseana Kunst- og kultursenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nærfriluftsliv er i vinden for tida. Denne stranda passar perfekt inn i det. Stor grasflate langs området, perfekt for soling og grilling på varme sommardagar. Toalett, bord og benker med grue for grilling finn ein i Mobergsvikjo. Det er også handikaprampe, badeflåte med stupebrett i tillegg til fem badebøyer og stupebrett rett utanfor Oseana, seier Torgilstveit.

Turvegen Strandvegen, går mellom to friluftsområde. Frå Mobergsvikjo, via Os sentrum over Lyngheim, Solstrand og Moldegård til Smievågen friluftsområde.

Skorpo

Skorpo ligg sørvest på øya Skorpo, som ligg ytst i Lysefjorden, vest for Strøno. Området er lett tilgjengeleg frå Korsfjorden eller Bjørnefjorden. Uthamn, flott og godt tilrettelagt utfartsområde for båtfolket. Trekai, informasjonstavler, toalett, stupebrett, bord, benker og grill. Det går grusa gangvegar på øya. Området har eit naust som er med i kystleia, til fri bruk for brukarar av området.

Ramsholmen, Halhjem

- I samarbeid med BOF driv Os Rotary Klubb eit "Sjø- og helsesportsenter" på Ramsholmen. Her kan besøkjande oppleva vakker natur og gleda ved sjølivet. Klubben disponerer den spesialkonstruerte båten "Unik" for rullestolbrukarar og syt for transport til og frå øya, seier Torgilstveit.

Anlegget er ope for lag, organisasjonar og familiar, men slik at funksjonshemma har prioritet. På Halhjem fergekai er det gode parkeringsforhold. Holmen har lett adkomst, eigen fiskeplattform, turveg for rullestolbrukarar, overbygd grillplass, fiskeutstyr, toalett og garderobeanlegg.

Lysøen, Lysefjorden

Lysøen har 13 km gode gangstiar, variert natur, skogstjørn, utsiktstårn og badeplass både nord i Lysevågen og ved kaien nær museumsområdet. Det er tre turruter merka med grøne pilskilt, med fleire benker på stien. Det går båt frå Buena kai til Lysøen i sommarmånadane. Det er òg lagt til rette med gjestekai nord for gamletunet. På Lysøen er det ikkje lov å grilla.

Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar 23 friluftsområde i Os. 19 av desse er knytt til sjø:

Ervikane, Askvikvågen, Oksabåsen og Storeknappen, Vetlaneset, Ullsund, Grindevollstøa (Skeisstøa), Halhjemsøy, Kalneset, Kuskjæret, Ramsholmen, Langøysund, Sperrevik, Søvikvågen, Stokkavik, Lysøen, Eidsvika, Smievågen, Mobergsvikjo og Skorpo.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Fusa forvaltar dei fire friluftsområde knytt til sjø. Desse er nemnd over.